Jennifer Dral (til venstre), Ida Marie Trøen og Lena Linga Berge er klare til å gje jernet i Voss idrettshall.
Jennifer Dral (til venstre), Ida Marie Trøen og Lena Linga Berge er klare til å gje jernet i Voss idrettshall. Foto: Stine Strand Carlsen

Klart for stor handballcup

I kveld startar Park Hotel Cup i Voss idrettshall. Cupen held fram til i morgon, laurdag.

– Me gler oss veldig til kamp, og skal gje alt, seier Jennifer Dral, Ida Marie Trøen og Lena Linga Berge.

Vossajentene speler for Voss Antilope, og skal møta Lisleby frå Fredrikstad i fyrste kampen.

Cupen er for damelag på seniornivå, som kjem frå fjern og nær for å spela handball og markera sesongavslutninga.

Totalt ni lag skal spela kampar i cupen på Voss.

– Det vert kjekt å samla så mange handballinteresserte på ein stad, seier jentene frå Voss.

Etter finalen i morgon, vert det heile avslutta med ein storstilt bankett og premieutdeling på Park Hotel.

Arrangementet er ope for alle.