Knuste vindauge i grendahus

EIDFJORD: Politiet fekk melding om to knuste ruter i grendahuset i Eidfjord. – Me veit ikkje kven som har gjort dette, og ynskjer tips frå folk om nokon har sett noko, seier lensmann Ivar Hellene hjå Voss lensmannsdistrikt. Politiet veit ikkje kor tid dette skjedde, men meldinga kom inn onsdag klokka 10:37.