Marianne Larsen, Hanne Li, Alis Lund-Johansen, kursleiar Lise Brunborg, Jorid Lekve Eide og Grzegorz Kramar.
Marianne Larsen, Hanne Li, Alis Lund-Johansen, kursleiar Lise Brunborg, Jorid Lekve Eide og Grzegorz Kramar. Foto: Bjørn Sandnes

Lag din eigen ost på kjøkkenbenken

Ost treng du ikkje kjøpa i butikken, det kan du faktisk laga heime på kjøkkenbenken.

I helga inviterte Slow Food Hardanger til kurs i ysting på kjøkkenet til Hjeltnes vidaregåande skule.

– I Hardanger er det så vidt eg veit ingen som driv med osteproduksjon for sal. Difor tenkte me å invitera til ystekurs for å sjå om det er interesse for dette handverket. Det var det verkeleg, for kurset vart fullteikna på fem timar då det vart lagt ut på nett, seier leiaren for Slow Food Hardanger, Jorid Lekve Eide. Det var deltakarar frå mellom anna Hardanger og Voss. Ei av deltakarane kom køyrande over fjellet frå Nes i Akershus.

Ein dag

Ystekurset varte i fem timar laurdag ettermiddag og vart leia av den prisløna grunnleggjaren av Stavanger Ysteri, Lise Brunborg. Ostane hennar vert serverte på nokre av dei beste restaurantane i Noreg. På dei fem timane laga dei tolv kursdeltakarane ostane halloumi og ricotta pluss yoghurt.

– Dette var verkeleg interessant og inspirerande. Lise er kunnskapsrik og flink til å læra bort. Det er kjekt å læra ysting som ein faktisk kan gjera heime på kjøkkenet, seier to av kursdeltakarane, Hanne Li og Alis Lund Johansen frå Ulvik.