Nettannonse

På nett tilbyr me mange ulike annonseløysingar. Du kan få annonsen din både på mobil- og/eller web- og iPad-versjonen av nettavisa. Brukarane våre er fordelt slik at om lag 50% brukar mobiltelefon og dei resterande 50% brukar PC eller nettbrett.  Det mest vanlege, og den måten du når aller flest på, er å dela annonseringa med visningar på både mobil og web/nettbrett.

Talet på brukarar og sidevisningar vil variera litt frå veke til veke, men pr i dag har me mellom 30.000 og 50.000 unike brukarar innom våre digitale aviser kvar veke. Desse brukarane gjev oss på ei «normal» veke opp mot 250.000 sidevisningar.

Annonsane våre sel me visningsbasert, det betyr at du som annonsør betalar for å få vist fram annonsen din eit på førehand bestemt tal visningar. Prisane på desse visningane finn du i prislista vår, med pris pr 1000 visningar. 

Når du som annonsør kjøper eit tal visningar kan du sjølv bestemma i  kor lang tid annonsen vert vist. Du kan få mange visningar levert raskt, eller dei same visningane spreidd over ein lengre periode. Prisen vert den same.

Ta kontakt med oss på tlf. 56 53 03 04 eller på e-post: annonse@avisa-hordaland.no hvis du har spørsmål eller ynskjer eit tilbod på digital annonsering.