Hilde Fenne vart dårlegast av dei norske på verdscupsprinten i dag.
Hilde Fenne vart dårlegast av dei norske på verdscupsprinten i dag. Foto: Viktor Storsveen

OL-trøbbel etter fem bom

Hilde Fenne leverte ein dårleg OL-søknad på verdscupsprinten i dag.

Vossingen Hilde Fenne misbrukte ein stor sjanse til å sikra seg OL-plass då ho enda på 78. plass med fem bom.

Før verdscuprunden i Anterselva var det to ledige OL-plassar. Tiril Eckhoff sikra seg den eine då ho gjekk inn til hennar fyrste verdscupsiger for sesongen.

Eckhoff skaut fullt hus, og vann 12 sekund raskare enn Laura Dahlmeier og 20,6 sekund raskare enn Veronika Vitkova på 3. plass.

Fenne dårlegast

Nest beste norske vart Kaia Wøien Nicolaisen med 34. plass. Synnøve Solemdal gjekk for sakte og vart nummer 53, Marthe Olsbu blei nummer 65 og Hilde Fenne vart dårlegast av dei norske med sin 78, plass.

Kven som får den siste OL-plassen vert avgjort etter verdscuprunden i Anterselva.