Raudt er også møkk lei av å venta på K5 – og av store valløfte før valet og like store løftebrot etter valet, skriv Bridget Penny.
Raudt er også møkk lei av å venta på K5 – og av store valløfte før valet og like store løftebrot etter valet, skriv Bridget Penny. Foto: Lars Helge Rasch

Raudt er òg møkk lei av å venta på K5!

Det vil koste mykje meir å ikkje gjennomføre heile K5-prosjektet raskt og under eitt, enn å la vere.

-Politisk debatt på Hanguren: K5 hastar mest, det er alle samde om

Under den store samferdsledebatten på Hangurs-toppen tysdag kveld sa vossaordføraren at han var møkk lei av å vente på gjennomslag for heile K5-prosjektet Arna-Voss / bane og veg. Dei aller fleste i salen var heilt samde med han.

Alle partia sa og at K5-prosjektet var det viktigaste i Hordaland.

Men det var seks dagar før valet. Raudt er møkk lei av store valløfte før valet og like store løftebrot etter valet. Etter meir enn 300 ras, over 50 dødsulukker og årleg i snitt 40 dagar stengt på denne strekninga sidan opninga av E16 i 1991, kunne denne opprustinga har skjedd for mange år sidan.

Men vekslande regjeringar har prioritert heilt annleis – mange store bruprosjekt og 4-felts motorvegar.

Dette kan i alle fall ikkje kallast rassikring! Denne prioriteringa fryktar vi held fram i regjering og Storting. Difor vil vi oppmode arrangørane å ta godt vare på opptaket frå møtet og dei samstemte lovnadane om at liv og helse og rassikring Arna-Voss skal sikrast aller først i Hordaland.

Før Stortingsvalkampen om to år, bør det vere eit nytt møte, med mange fleire folk. Då må alle partia stå til ansvar. Har alle oppfylt lovnadene i Vestland fylkesting (som skal handsame Nasjonal Transportplan i 2020) og i Stortinget i juni 2021? Raudt Voss og Raudt Vestland vil i alle fall fylgje opp saka 100 prosent. Det vil koste mykje meir å ikkje gjennomføre heile prosjektet raskt og under eitt, enn å la vere.

Andre gigantprosjekt i Hordaland (som Hordfast) må skrinleggjast. Med 9500 milliardar på Oljefondet, bør noen titals milliardar kunne nyttast til denne investeringa i tryggleik, liv og helse framfor aksjespekulasjon på børsane i verda.

Godt vegval på måndag!

Bridget Penny (1. kandidat Raudt Voss), Terje Kollbotn (2. kandidat Raudt Vestland)