Sindre Herre Hansen triksar med stor kontroll i Veko-teltet.
Sindre Herre Hansen triksar med stor kontroll i Veko-teltet. Foto: Ørjan Brattetveit

Sindre med NM-suksess på Veko

Sindre Herre Hansen (19) triksa seg til 3. plass i NM.

I Veko-teltet kjempa noregseliten om NM-tittel i freestyle fotball. Og Sindre Herre Hansen frå Bjørgum slo til med 3. plass.

– Eg er kjempenøgd. Dette var meir enn eg hadde forventa, seier heimefavoritten, som i fjor enda på 5. plass i NM.

– I dag fekk eg til dei teknisk vanskeleg triksa, seier han.

Vossingen likte godt å ha NM på heimebane under Ekstremsportveko.

-Les om alt frå Veko her.

Erlend Fargerli (i midten) vann NM. Brynjar Fagerli kom på 2. plass, medan Sindre Herre Hansen vart nummer tre.
Erlend Fargerli (i midten) vann NM. Brynjar Fagerli kom på 2. plass, medan Sindre Herre Hansen vart nummer tre. Foto: Ørjan Brattetveit

Verdseliten

Vossingen vart berre slått av Erlend Fagerli og Brynjar Fagerli. Dei to Fagerli-brørne er heilt i verdseliten.

Begge har vunne EM, medan Erlend, som vann gull på Voss, også har vunne VM.

Det var 11 deltakarar i NM. Og vossingen kom til semifinalen.

Her måtte han sjå seg slått av tittelforsvarar Erlend Fagerli.

Les òg:

Artikkelen held fram under annonsen.

-– EM og Pride var høgdepunkta.

-Yasiin Bey blomstra i teltet.

-Heimesiger i Vossakrigar.

Men vossingen kom tilbake og vann kampen om 3. plassen.

I finalen gjekk Erlend (22) og Brynjar (24) Fagerli ein jamn, spennande og kvalitetssterk kamp. Dei tre dommarane utpeika Erlend som NM-vinnar.

Og dei to topputøvarane har lovande ord å koma med til vossingen:

– Han har talent, trenar godt og er av dei som kan ta steget heilt opp i eliten.

Dei likte godt at NM var lagt til Voss og Veko.

– Dette gjev ei herleg ramme rundt meisterskapen, seier dei.

Til VM

Sindre Herre Hansen satsar skikkeleg på sporten sin, og han skal til VM i Tsjekkia seinare i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gler eg meg til. Der er nivået svært høgt, så eg vert nøgd om eg går vidare frå 1. runde.

Silje satsar

NM var berre for menn, men ei kvinne var med på scena. Vossingen Silje Trohaug satsar seriøst på sporten.

– Det er litt få jenter som driv med denne sporten. Men eg håpar fleire vert med, seier ho.