Togstasjonen på Voss. Foto: Lars Olve Hesjedal

Skinnesang om skinnegang

Ein togtur er ei reise. Ikkje berre frå stad til stad, men i tankar og minner.

Når du er frå Arna, som meg, så har du reist en del med toget. Slik er det berre.

Skulebussen som stupte ned dei krappe svingane Mjeldheimskleivane, slik at ein skulle klara korrespondansen med toget til skulen i by’n. Stundom særs snøgge steg for å nå toget. Kasta seg inn med blodsmak i kjeften.

Traskinga i dei skittengrå undergangane. Det slitte golvet på venterommet. Konduktørane og billettørane ein kjende att etter mange turar. Kronesautomaten.

Ein togtur Voss – Bergen gjer heilt andre inntrykk enn om ein køyrer bil. Ein ser tettstadane undeveis på nye måtar.

Evanger og Bolstad er vakre bygder – og frå togvindauga.

Dale. Foto: Lars Olve Hesjedal
Stanghelle. Foto: Lars Olve Hesjedal
Vaksdal. Foto: Lars Olve Hesjedal
Trengereid. Den trange og bratte bygda lengst aust på Bergenshalvøya. Foto: Lars Olve Hesjedal
Arna stasjon. Når du kjem frå Arna, har du reist mykje med toget. Slik er det berre. Foto: Lars Olve Hesjedal

Til industristaden Dale kom mange frå familien min på Osterøy for nokre generasjonar sidan for å få seg jobb på fabrikken. Her busette dei seg. Her skapte dei seg eit liv. Her har eg haugevis av tremenningar, og sikkert og mange (mykje) lenger ute i slekta. Det same gjeld på Stanghelle.

Vaksdal. Nok ein industristad. Å Vestland, Vestland (kor e du hen, skal me aldri meir deg sjå igjen) er fullt av slike. Der det var ein foss som kunne leggjast i rør, der kom det folk, fordi der var det ein fabrikk som hadde jobbar til dei. Slik bygde framsynte folk landet. Ved å nytta naturen. Det har aldri vore noko galt i det. Lat oss ikkje verta heilt historielause. Sjølv om ein turgjengar som meg sjølvsagt og ser stor stor glede i urørt natur.

Trengereid. Den trange og bratte bygda lengst aust på Bergens-halvøya. Her fôr me på diskotek på ungdomshuset i svingen (eller rettare ein av dei mange svingane) på fredagar. Minnast framleis det spennande med å by jentene opp.

Det er noko med roa ein føler på toget. Lyden av togsettet mot jernbanelina, den nynnande skinnesangen mot skinnegangen. Rullande i sitt særeigne dunk-dunk-dunk. Det er noko med den typiske takta på desse togtypane. Det rytmiske. Det repeterande. Det på same tid rolege og rastlause, og litt røffe og råe. Ein markant og minneframkallande, og på same tid mollstemt og melankolsk melodi.

Toget er ofte nytta som metafor for det å reise. Kan hende og for sjølve livets reise. Ei av dem som skildrar dette godt, er etter mitt syn Kari Bremnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og når eg sit på toget Voss – Bergen, er det hennar Togsang som vert mitt lydspor til turen:

De møttes på en reise

på en reise over land og jord

og dette va for lenge lenge sia

De skulle ikkje hjem, de skulle ut

og følge fremmed spor

til ukjent plass og hemmelige stia

Så møtte de hverandre,

i en sliten rød kupe

og reiste enda lenger enn du kan med NSB

Artikkelen held fram under annonsen.

tel øst for horisont og vest for tia

De møttes på en reise

på en reise møttes ho og han

og reisen gikk igjennom strågul sommer

De reiste i hverandre og de reiste i et gammelt land

der ingen tror på høsten før den kommer

Det går en sakte skinnesang

ifra en rød kupe

den nynnes gjennom landskap ingen landmåler kan se

der loven e en sans og livet dommer

Artikkelen held fram under annonsen.

De møttes på en reise

på en reise over land og jord

og ingen av dem trudde noensinne

at reisen skulle ende, skulle ende, ved et banespor

og bare reise videre i minnet

Det går en gammel skinnesang

ifra en rød kupe

Den søng om det som va engang

den bæres videre

den bæres av et håp og langs ei skinne