Slåsting på Vangen

VOSS: Politiet har fått fleire meldingar om slåsting, knuffing og ordensforstyrringar i løpet av helga. – Berre natt til sundag fekk me fem meldingar om slike hendingar. Det har vore mykje folk ute, i samband med Smalahovesleppe, fortel Håvard Skattum hjå Voss lensmannsdistrikt. Dei fleste hendingane vart ordna opp på staden.