Runar Ringheim, Eirik Nesse-Alsaker, Kato Andre Stegen Tveit, Bjørnar Ullestad og Leo Kovac på tur i fjellheimen.
Runar Ringheim, Eirik Nesse-Alsaker, Kato Andre Stegen Tveit, Bjørnar Ullestad og Leo Kovac på tur i fjellheimen. Foto: Privat

Spreke elevar 1410 meter over havet

Elevar på Skulestad skule har gått til ein av dei høgaste fjelltoppane på Voss.

– Det var kjempekjekt å gå til Lønahorgi! Det var så utruleg flott der oppe, seier Guri Kvamme Ringheim i femte klasse på Skulestad skule.

Onsdag førre veke la heile skulen ut på tur, og tok gondolbanen klassevis opp til Hangurstoppen. Fyrste og andre klasse gjekk ein litt kortare tur, på panoramastien. Men dei som ville frå 3. til 7. klasse, bar i veg heilt til Lønahorgi. Lærar Anne Gjeraker er imponert over innsatsen til borna.

– Me hadde eit delmål på turen, der me sa at alle dei som kom seg opp til Horgaletten innan ei viss tid, fekk gå vidare opp mot Lønahorgi. Så det utløyste stor konkurranseånd, og elevane gav alt for å koma seg til topps. Eg synest dei var utruleg flinke, seier Gjeraker.

Måtte klatra

Turen starta klokka 08 om morgonen, og borna gjekk heilt til klokka 16 då dei var vel heime att.

– Det var litt tungt å gå, og nokre stader der det var litt bratt, måtte me klatra. Men me hadde fleire pausar undervegs, og det var berre heilt fantastisk då me kom til toppen, seier Gjendine Hoft Solstad.

Turmålet er høgt der oppe, langt der framme.
Turmålet er høgt der oppe, langt der framme. Foto: Privat
Mathilde Petterson Sandvik (f.v.), Sigrid Willassen Haugan, Guri Kvamme Ringheim og Gjendine Hoft Solstad var stolte då dei kom til topps.
Mathilde Petterson Sandvik (f.v.), Sigrid Willassen Haugan, Guri Kvamme Ringheim og Gjendine Hoft Solstad var stolte då dei kom til topps. Foto: Privat
Heile den store gjengen måtte sjølvsagt forevigast på toppen.
Heile den store gjengen måtte sjølvsagt forevigast på toppen. Foto: Privat
Løna.
Løna. Foto: Vidar Herre/Arkiv

Nokre av elevane har gått turen før.

– Eg har gått til Lønahorgi med ski på vinteren. Det var ganske annleis å gå der no på sommaren, men veldig fint, seier Sigrid Willassen Haugan.

Reddande englar

Det vart også litt dramatisk på turen, då ein yngre medelev vart sjuk i løypa. Då stilte dei flinke femteklassejentene opp.

– Me var ein gjeng som gjekk med henne, og me gjekk eit stykke ifrå lærarane. Plutseleg vart ho dårleg, og me er opplærte til å vita kva me skal gjera når slikt skjer. Så me bar henne fram til lærarane, og alt gjekk fint, seier Gjendine.

Alle på Skulestad skule vil gjerne rosa Voss Resort for at dei gjev skulane på Voss ein god pris for å ta gondolbanen, med 30 kroner per elev.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For mange var dette fyrste turen med gondolbanen, og det er flott at ein legg opp til slike rabattprisar for skulane. Slik får fleire oppleva dette, seier lærar Gjeraker.

– Vil tilrå andre!

Femteklassejentene på Skulestad er ikkje i tvil om at dei vil gå turen igjen ein dag.

– Me vil seia til alle som vurderer å gå dit; gjer det! Du vil ikkje angra!

- Lønahorgi er eit fjell i Voss kommune.

- Fjellet ligg 1 410 meter over havet. 

- På Lønahorgi står ein radio- og TV-sendar. Sendaren vart sett i drift 1954, og var landets fyrste forsøksstasjon for FM-kringkasting.

- Namnet Lønahorgi kjem av orda lo (flat eng ved vatn) og horje (fjell).