Sylv Odin eigd av Magnar Nornes hadde sjanse til å vinna fyrstepremien på 500.000, men hadde ikkje klaff i kriteriet på Bjerke sundag.
Sylv Odin eigd av Magnar Nornes hadde sjanse til å vinna fyrstepremien på 500.000, men hadde ikkje klaff i kriteriet på Bjerke sundag. Foto: Geir Geitle / arkiv

Sylv Odin sleit, men Dale-hest vann 750.000

Sylv Odin til Magnar Nornes hadde ikkje dagen i Kriteriet på Bjerke. Derimot vann Dale Anne, som er oppdretta på Dale, 1. premie på 750.000 kroner.

Det var ein stor travdag på Bjerke sundag, med Kriteriet og Derbyløp for norskfødde kaldblods og varmblods.

Oppdrettaren får sin del

Og vinnaren av hoppederbyet for kaldblodshestar vart Dale Anne, som er oppdretta av Jan E.Tollefsen på Dale. Hesten er i dag eigd av Arne Johannessen på Skiptvet.

Den fire år gamle hoppa har alt køyrt inn over 950.000 kroner etter gulløpet sundag. Og ein fin slant av dette fell på oppdrettaren på Dale.

Sylv Odin ikkje på topp

Dessverre vart det ingen suksess for Sylv Odin i kriteriefinalen. Treåringen er heimehøyrande på Bulken, og har hatt ei sterk karriere så langt.

– Hesten såg ikkje heilt på topp ut for dagen generelt sett. Og i det startbilen sleppte feltet, så vart det galopp. Han tok igjen feltet, men vart forstyrra til ny galopp 700 meter frå mål. Og då var løpet køyrt, for å bruka det uttrykket, melder traventusiasten Jan Inge Ringen til Hordaland frå Bjerke.

– Topphest som vil ta for seg

Sylv Odin fullførte løpet til deltakerpremie, som er 5000 til alle som kjem til mål utan å vera diska.

– Alt i alt så vart det nedtur i dette løpet. Men dette er ein topphest som vil ta for seg i tida som kjem, spår Jan Inge Ringen.