Epic Jazz Compilation, bandet til andreårsstudentane frå jazzlina ved NTNU i Trondheim hadde ansvaret for gratiskonserten på torget.
Epic Jazz Compilation, bandet til andreårsstudentane frå jazzlina ved NTNU i Trondheim hadde ansvaret for gratiskonserten på torget. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Varme jazztonar i kaldt vêr

Trass i skiftande vêr under årets utekonsert vart det folkeliv på torget i år òg.

Rett før konsertstart stod det berre nokre få på torget under paraplyen sin i kaldt byevêr. Men då jazzlina ved NTNU i Trondheim gjekk på scena, og spelte den fyrste songen kom solskinnet saman med folket.

Tradisjonen tru, var det andreårsstudentane frå jazzlina ved NTNU i Trondheim som hadde ansvaret for denne gratiskonserten.

– Er de her? No kjem sola, oppmoda Trude Storheim då ho introduserte bandet som ber namnet Epic Jazz Compilation.

Dei jazza i gang med neste song, og sola skein frå lettskya himmel med litt regn i lufta.

God stemning

Undervegs i konserten kom det folk vandrande, både vaksne og born.

Trass i skiftande vêr var det mange som møtte opp for å få med seg konserten.
Trass i skiftande vêr var det mange som møtte opp for å få med seg konserten. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn
Ikkje fullt så mange som vanleg på Vossa Jazz-torget, men det vart betre utover dagen.
Ikkje fullt så mange som vanleg på Vossa Jazz-torget, men det vart betre utover dagen. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn
Mange nytta seg av tilbodet frå lokale matprodusentar på toget laurdag.
Mange nytta seg av tilbodet frå lokale matprodusentar på toget laurdag. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn
Det var sal av kjøt, poteter, laks, ost, smør, honning, sild, hattar og sjal. Her vart grisen grilla frå Voss Gardsslakteri.
Det var sal av kjøt, poteter, laks, ost, smør, honning, sild, hattar og sjal. Her vart grisen grilla frå Voss Gardsslakteri. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Nokre kikka litt på kva dei lokale og kortreiste aktørane sal i buene sine, før dei stilte seg opp i ringen rundt jazzbandet. Andre stod og fylgde nøye med på konserten, og hald takten med foten sin.

Sola kom fram gjennom skydekket av og til, og varma ryggane til publikumarane.

– Tusen takk for at me får vera her. Det er kjekt å sjå så mange folk, sa den eine vokalisten i bandet.

Vossa Jazz-torget

Torget har i mange år vore ein sentral ute-arena på Vossa Jazz-laurdagen. Også i år var fleire lokalprodusentar samla for å selja varene sine.

Det var sal av kjøt, poteter, laks, ost, smør, honning, sild, hattar og sjal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Voss Gardsslakteri grilla gris på torget.