Vogntog av vegen

VOSS: Klokka 13.07 onsdag får politiet melding om eit vogntog som har køyrd av vegen ved Løne på Voss. – Det er ingen personskade, melder Ivar Hellene hjå Voss lensmannskontor. Politiet sin patrulje var på staden 13.40. Hellene opplyser om at vogntoget står delvis i grøfta, men det er passasje forbi.