Voss Kulturhus.
Voss Kulturhus. Foto: Voss kulthurhus. Foto: Bjørn Sandnes/Arkiv

Voss kulturhus treng ein ny start

Delar av Voss kulturhus har bak seg ein turbulent periode sidan opninga i 2012.

Her har vore stadige skifte av kulturhusleiar, og fleire varslingssaker knytte til drifta av kulturhuset.

Tidlegare i år fekk ein av dei tilsette ei sluttpakke etter ein lang og krevjande prosess.

ETTER ALL TURBULENSEN, kjem det kanskje litt overraskande, men ikkje desto mindre gledeleg, at så mange som 27 har søkt jobben som leiar i Voss kulturhus.

Og like imponerande som talet på søkjarar, er kvaliteten. Her er det mange gode personar å velja mellom. Dermed bør det vera eit godt grunnlag for å gjera ei god tilsetjing.

I neste omgang bør dét igjen vera grunnlaget for ei drift som gjev langt meir stabile og og konstruktive forhold både i det daglege og på lengre sikt.

SETT UTANFRÅ SYNEST det som at kulturhuset har potensial for mykje meir aktivitetar, i samanheng med drift av Gamlekinoen.

I dag er det altfor få arrangement i kultursalen. Leigeprisane er høge, og altfor få ser seg høve til å leggja arrangement dit.

Her må det vera ei viktig oppgåve å bringa kultursalen tilbake til folket, slik at dette vert eit kulturhus i ordet si rette tyding.

Viktigare enn å gå med overskot, bør det vera å få det lokale kulturlivet til å bløma.

Her skal det også nemnast at delar av kulturhuset fungerer godt, og er velfungerande tilbod til innbyggjarane i bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

FRÅ ÅRSSKIFTET FÅR Voss både ny rådmann og ny kommunalsjef for kultur.

Målet er også å ha ein ny fast leiar for Voss kulturhus frå det same tidspunktet.

Nokre gonger er nye kostar bra. Nye folk gjev nye moglegheiter. Her bør ein bretta opp ermane og starta med blanke ark også for dei delane som ikkje har fungert så bra.

KULTURHUSET KOSTA NÆRARE100 millionar kroner. Ambisjonen bør vera å få meir ut av denne bygningen enn det Voss kommune har fått til no.

I dette tilfellet bør endringane vera med og gje dei delane av Voss kulturhus som treng det, ein sårt etterlengta ny start på eit kulturhus der det har vore mykje turbulens i løpet av dei sju fyrste åra huset har vore i bruk.

Les og:

-

27 vil bli kulturhussjef