Ordførar Hans-Erik Ringkjøb (t.v.), Dag Finne, Ole Kristian Årmot og Trude Letnes i samtale om Voss, og kva som kan gjerast for å få ei best mogleg samanslåing med Granvin i 2020.
Ordførar Hans-Erik Ringkjøb (t.v.), Dag Finne, Ole Kristian Årmot og Trude Letnes i samtale om Voss, og kva som kan gjerast for å få ei best mogleg samanslåing med Granvin i 2020. Foto: Marita Saue Hamre

Vossakveik med fokus på det nye heradet

Vossingane fekk eit nytt blikk på overgangen frå Voss kommune til Voss herad under årets kveik.

– Korleis skal me klara å ha ljos i alle hus, etter samanslåinga?

Det spurde ordførar Hans-Erik Ringkjøb under samtalen om vide Voss.

Dag Finne representerte Voss Vest, som er ei arbeidsgruppe for Evanger Grendalag, Trude Letnes, som er rådmann i Granvin og komande kommunalsjef for Kultur og fritid i Voss herad og Ole Kristian Årmot, som er frå Åmot i Myrkdalen og oppteken av lokal historie, ski, friluftsliv og musikk deltok i samtalen saman med ordføraren.

Må få byggja

– Eg trur det er viktig å behalda tenester utfor Vangen òg. Kommunen må spela på lag med lokalfolket, sa Årmot, som ynskjer at kommunen skal støtta dei unge som ynskjer å byggja ut i heimbygda si.

– Kanskje me må få ein grendakontakt i kommunen. Ein person som jobbar for å skapa levande grender, spelte Finne inn.

Trude Letnes kom med ei presisering til vossingane under Vossakveik på torsdag. – Det er viktig å hugsa på at no blir vossingane hardingar, òg. Granvin har ein identitet å tilby.
Trude Letnes kom med ei presisering til vossingane under Vossakveik på torsdag. – Det er viktig å hugsa på at no blir vossingane hardingar, òg. Granvin har ein identitet å tilby. Foto: Marita Saue Hamre

– Eg er einig. Det er viktig å ha eit samspel mellom kommunen og folket. Bygdene treng eit støtteapparat, sa Letnes.

Les òg:

-No tek snart jazzen over.

-Ting fell på plass.

Innblikk i gravensarane

Under kveiken i Gamlekinoen torsdag ettermiddag la Tina Kjerland fram ein prosjektrapport som ho har jobba med, om Granvin «Frå kommune til bygd».

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har mellom anna snakka med folk i Granvin, Hardanger, på Voss og i Bergen.

Kva er typisk Granvin? Kva forbind vossingane med Granvin? Kva synest bergensarane om Voss? Les heile rapporten på Granvin herad sine nettsider.

Bygd for framtida

Festivalsjef Trude Storheim hadde gjort videoopptak og intervju før Vossakveiken.

Mellom anna spurde ho tilfeldige personar på Voss og i Granvin om Voss er ei bygd for framtida, og om kva folk synest om kommunesamanslåinga.

Helene Kjerland, som jobbar på sjukeheimen i Granvin, er positiv.

– Eg trur dette blir bra. Eg er positiv, i alle fall. Vossingane kan kanskje bli litt meir som gravensarane, seier Kjerland.

Storheim sjarmerte med fleire humoristiske innslag.

Må løfta kulturen

Kva kan bli betre på bygdene etter samanslåinga?

– Me treng å løfta kulturen og historia på Vossestrand. Det kan ikkje berre vera fest og basar, ikkje at det er negativt, men eg ynskjer litt meir kulturhistorie òg, sa Årmot.

Han nemner verdsarvområdet ved Stalheim som eit trekkplaster for turisme.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å hugsa på at no blir vossingane hardingar, òg. Det går ikkje berre ein veg i denne samanslåinga. Granvin har ein identitet å tilby, forklarte Letnes.

Med ein smakebit på årets tingingsverk og føredrag med Thomas Giertsen mot slutten vart Vossa Jazz 2019 tjuvstarta i Gamlekinoen.

Avslutta med dikt

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb avslutta debattsamtalen med eit sjølvlaga dikt:

Dei var to som skulle bli ein,

Granvin og Voss

Ein ny kommune skulle byggjast,

Saman kasta dei loss

Då vakna dei andre og spurde.

Kva med oss.

De skal vera med,

Artikkelen held fram under annonsen.

De er sjølvsagt ein del av Voss

Berre om ti månader,

Må me stilla med bunad og doss

Om det vert bra,

Ja, det er opp til oss!

Men eg er ikkje i tvil,

Det er ei framtid for Voss!