BA: Like etter klokka 22 laurdag melder Bane Nor at Bergensbanen er opna for trafikk.
– Men de må framleis rekna med nokon forseinkingar, melder Bane Nor.
Pressevakt Gunner Brøseth i Bane Nor opplyste tidlegare laurdag at oppryddingsarbeidet har vore krevjande. Det har også blitt brukt helikopter og sprengstoff på grunn av rasfaren.
Tusenvis råka
Ifylgje pressevakt i Vy, Kaja Rynning Moen, vart mellom 4000 og 4500 passasjerar råka av trøbbelet på Bergensbanen laurdag og sundag.
Dei har ifylgje ho gjort så godt dei kan med å skaffa nok bussar og maxitaxiar til å frakta passasjerane med avgangar som skulle gått desse dagane. Det har vore krevjande å få tak i nok sjåførar.
– Me gjer alt me kan for å frakta passasjerane der dei skal, seier Moen.

Andreas reiste frå Oslo klokka 16:30 – er framleis ikkje komen heim
– Vanskeleg å sikra seg mot alt
Det blei tidlegare denne veka åtvara om stor snøskredfare.
– Burde ikkje Bane Nor vore betre førebudde på at det kunne gå snøskred langs Bergensbanen no?
– Skredet gjekk i eit område der me alt har snøoverbygg, men det tok med taket og deler av veggane. Det er alt god skredsikring i området, seier Brøseth i Bane Nor og legg til:
– Snøoverbygga har blitt utbetra dei seinare åra og det var eit relativt nytt overbygg som blei treft av ras. Slike ting som dette kan likevel skje. Det er vanskeleg å sikra seg mot alt.
– Kvifor har de ikkje sprengt vekk snø langs linja på førehand for å førebyggja skred?
– Det er ein fortløpande diskusjon om det er naudsynt å sprengja vekk snø i forkant. Om det blei vurdert no, kjenner eg ikkje til, seier Brøseth.
Han påpeikar at det generelt sett ikkje er mykje snø i fjellet i år, samanlikna med andre år.
– Men slik eg har skjønt det, så har det vore veldig mykje blaut snø og store krefter i sving.