Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la fram nye opplagstal for heile avisbransjen tysdag.

Her viser ein fin vekst for Hordaland, som har auka med 145 abonnentar fyrste halvår i 2022, samanlikna med fyrste halvår i fjor. Totalopplaget til Hordaland er no på 8.479.

Satsar vidare digitalt

Tala viser at papiret framleis står sterkt, men at den digitale veksten held fram. Ein går frå 2.133 digitale abonnentar i 2021 til 2.813 i 2022.

Dagleg leiar og redaktør i Hordaland, Ingvil Aaen Torpe, er glad for auken.

– Dette er jo sjølvsagt veldig gledeleg og motiverande. Det er kjekt å sjå at me veks digitalt, for det satsar me verkeleg på. Vossingane er glade i papiret, men tala viser jo også her at framtidige abonnentar vel digitalt, seier Aaen Torpe.

Nyeredaktøren presiserer at Hordaland heile tida jobbar med å utvikla det digitale produktet.

– Og me kan avsløra alt no at me kjem til å koma med ei ny videosatsing i haust, seier Aaen Torpe.

Opplagsvinnar med redaktør frå Voss

Mellom LLA sine lokalaviser er det Sandnesposten som gjer det aller best. Lokalavisa har vakse med 834 abonnement, og har 9391 i netto totalopplag.

Redaktør her er vossing Frode M. Gjerald, som også var redaktør i Hordaland frå 2012 til 2013.

– Me har vore velsigna med ein opptur sidan 2015-2016, men denne gongen var eg meir usikker på opplagstala enn eg har vore dei siste åra. Dataangrepet som Amedia vart utsett for gav oss ei veldig krevjande abonnementsutvikling etter nyttår. Den tendensen varte til godt ut i mai, seier Gjerald.