Skulane, skulane, skulane! Kor mange gonger har det ikkje vorte snakka om kor dårleg stand bygningsmassen til våre kommunale skular er, og har vore rundt om i Noreg? Det har ingen oversikt på. Mange forteljingar om dårleg inneklima, ròte, sopp, kalde klasserom, ting som ramlar ned og eg veit ikkje kva.

Truleg like mange gonger har det vorte tala om dårleg kommuneøkonomi eller feila prioriteringar, og at Staten gjev altfor lite i overføringar til kommunane til at dei skal klare å takla denne store utfordringa.

Sjølv om nokon kommunar har klart å rusta opp skulane sine litt betre enn andre, så er hovudbiletet at «skule-Noreg» ligg i «aovelta» (på rygg med beina i lufta, slik sauer kan hamna i).

Våpen, våpen, våpen! Truleg mange gonger meir har ein høyrt «dette ordet» enn «skular» det siste året. Krig gjer at menneska ofte endrar mykje av si åtferd over natta. Krigen i Ukraina gjer at tidlegare «nøytrale» land vil inn i Nato, Nato vil at alle medlemslanda skal opp i to prosent av statsbudsjettet til militæret og tidlegare opprustningmotstandarar er det ikkje lenger.

Politikarar og styresmakter samarbeider endå meir med våpenindustrien enn før i mange land (som Tyskland, Storbritannia, USA). Slik også i Noreg! Våpenlobbyen har gode dagar og treng ikkje anstrengja seg for mykje. Regjeringa Støre kjem til dei og tingar store ordrar: Artilleriammunisjon for 2,6 milliardar til Nammo, Raufoss. Dette er til eige militære og til Ukraina. Og, stemninga på Stortinget (som skal avgjera kontrakten) er nærast einsretta for. Veldig få stemmer mot opprusting i Noreg for tida og elles i Vesten.

Den brutale krigen Putin-regimet starta har gjort Vesten militaristisk også. Ingen talar om fred og fredsforhandlingar for tida heller. Difor må nokon gjera det! Nokon må også samanlikna ulike prioriteringar i eit samfunn, slik eg gjer her, mellom utdanning og våpen. Det må gå an, spesielt når me høyrer frå regjeringa at bruken av pengar må haldast nede av frykt for inflasjon og renteauke. Dette mantraet er tydeleg overdrive og ein bløff meiner økonomar. «Slike påstandar er i beste fall misforstått», seier økonomiprofessor Magne Mogstad ved University of Chicago.

«Grunnen til at regjeringen ikke har gitt penger til fattige er at de ikke har prioritert det», seier postdoktor i økonomi, Martin Blomhoff Holm ved Universitetet i Oslo. Regjeringa reagerer sjølvsagt på slike utsegn. Holm sitt fagfelt handlar om kva som påverkar prisane og renta i samfunnet.

Spesielt læt det underleg for meg at inflasjon og renter vert sett opp mot å auka straumstøtta endå meir, til dømes regulera matprisar eller betre økonomi til Kommune-Noreg for oppussing av skulebygg, når Holm seier at ein må bruka veldig mykje pengar for at det skal ha ei merkbar effekt: «Rundt regnet så vil cirka 30 milliardar i ekstra offentleg forbruk føre til mindre enn 0,1 prosentpoeng auke i prisane på kort sikt.»

Staten brukar mindre pengar enn på lenge, likevel aukar prisane på mange varer kraftig for folk. Inflasjonen held fram med å auka og renta stig, så kvar er logikken i argumentet til regjeringa? Logikken ligg tydelegvis i kva regjeringa vil bruka pengar til: Det er ikkje noko problem med å bruka nye og mange offentlege milliardar til auka militærutgifter som no med 2,6 milliardar til artilleriammunisjon.

Det er ikkje tale om noko frykt for inflasjon og renteauke her, nei! Militærøkonomien har ingen fornuft, berre makt. Men dette skal me ikkje som folk finna oss i. Me må reagera på slik ufornuft med bruken av mykje pengar til våpen og ikkje til dømes statleg oppussingsplan for skulane i Noreg.

«Welfare not warfare!»

Les også

«Midt i ei naturkrise er det svært motstridande å fullføra eit slikt prosjekt»

Les også

«Me har ingen tid å mista»