Hordaland har fått innsyn i avvika frå sjukeheimane i Voss herad som er registrerte i 2020, 2021 og 2022.

Me har også snakka med tre sjukepleiarar som har jobba innan helse dei siste 20 åra og som framleis jobbar på ein eller fleire av institusjonane i heradet. Dei tre sjukepleiarane er anonymiserte på grunn av omsyn til dei tre, og av omsyn til bebuarane.

– Å jobba på sjukeheim er kjekt. Kvar dag er forskjellig, men det er også veldig utfordrande. Me må vera løysingsorienterte og me må gjennom mykje.

Dagvakta på sjukeheimanei Voss herad startar mellom klokka 07:15 og 07:30. Det er klart for rapport frå nattevakta.

Korleis har natta vore? Har det skjedd noko? Er det spesielle ting for dagen vidare?

Klokka 07:30 får alle som kjem på tidlegvakt rapport. I ei bok har ein oversikt over arbeidsoppgåver, til dømes blodprøvar, sårstell, legevisitt, dusj og så vidare.

Planen for dagen er lagt, og morgonstellet er i gang.

Nokon gonger går det fort og med berre ein tilsett, andre gonger kan det ta ein halvtime og to personar eller fleire må hjelpa til.

Alle pasientane må stellast, og det er også her dei fleste tilfella av vald skjer.

«Me var to pleiarar på badet med pasienten. Det gjekk greitt i byrjinga, og så plutseleg skubba han eine pleiaren ut gjennom døra, og kom så og tok tak i armen min. Eg kom meg fri under basketaket og ville trekkja meg vekk. Då kom han etter meg. Eg rygga slik at eg fekk kontakt med han, men då fekk rygg og nakke juling. Eg kjende det godt i nakken etter rundt 20 minutt, og ryggen er blitt verre dag for dag.»

Registrert avvik

«Eg fekk fyrst eit slag i brystet, som gjekk fint. Deretter fekk eg eit slag med knytt neve på høgre sida av kjeven. Eg vart hoven, raud og det var smertefullt ved berøring og når eg opna munnen. Kollega vart også sparka etter og slått.»

Registrert avvik

Dei tilsette skal laga frukost til alle pasientane. Nokon må også matast. I tillegg skal dei få medisinen sin.

Innimellom alt dette må ein fylla på utstyr i skap, vaska klede, bretta klede, ein skal gjerne ha møte med pårørande og lege. Og frå tid til annan må sjukepleiarane også observera pasientar.

Så må lunsjen lagast.

Ein må vera til stades, nokon må ha hjelp på do, nokon må bli trygge i heis, det kjem telefonar frå pårørande og andre, og nokon må dokumentera hendingar.

Dei tilsette får sjeldan ein halvtime pause. Det er dagar dei ikkje får i seg mat, eller får tid til å gå på do.

Når pasientane er i ro, må dei tilsette springa rundt for å gjera andre ting.

Så er det gjerne tid for sårstell igjen.

«Brukar slo til pleiar fleire gonger. Slo pleiar fyrst i armen inne på badet ved skift av innlegg. Deretter i ansiktet, utan at pleiar gjorde noko. Deretter i armen igjen, heilt uoppfordra.»

Registrert avvik

«Me var to pleiarar på badet med pasienten, fyrste del av stellet gjekk fint, så snudde det brått, tok tak i underteikna sin arm, og vrei rundt. Deretter tok han tak i fingrane og brekte dei bak. Følte han var bevisst på kva han gjorde.»

Registrert avvik

Så skal lunsjen serverast.

Nokon må matast, nokon må leggja seg for å kvila og andre må aktiviserast. Dei tilsette brukar også mykje tid på å roa avdelinga, gjera slik at alle føler seg trygge. Nokon gonger strikkar dei saman, så syng dei litt og dansar litt.

Då gløymer pasientane gjerne at dei var i dårleg humør. Song er med på å roa stemninga på avdelingane.

Vakta for assistenten er over rundt 13:45. Då står gjerne sjukepleiaren åleine før kveldsvakta kjem på jobb i 14:30-tida.

I denne perioden er det ofte uro.

«Eg gjekk med brukar i gangen og skulle inn på rommet. Plutseleg tar brukar tak i armen min, og tar tak i handleddet med eine handa og rett under albogen med andre. Då vrir brukar handa mi rundt med all kraft. Brukar er sterk så eg kjem meg ikkje laus. Brukar tar andre armen min og avleia slik at brukar sleppte til slutt. Eg ser at brukar er sint på eit eller anna. Hadde smerter i armen etter det.»

Registrert avvik

«Då eg var på vaktrommet for å makulera pasientlista, kom pasient bak meg og tok tak i begge armane mine. Han heldt meg fast og var sint. Eg følte meg ikkje trygg. Det kom ein kollega og tok vekk pasienten. Fyrst då kom eg meg laus.»

Registrert avvik

Kveldsvakta får rapporten frå dagvakt. Er det noko som skal fylgjast opp på kvelden? Korleis har det gått på dagen?

I løpet av kvelden skal dei tilsette også laga kveldsmat og servera denne til pasientane.

Og så er det tid for kveldsstell.

«Hjelpte bebuar med kveldsstell inne på badet med døra igjen. Stellet gjekk fint i byrjinga, men ut av ingenting tek bebuar hardt tak i armen til underteikna og slenger underteikna inn i døra med stor kraft. Bebuar «slår» så etter underteikna etterpå og seier «flytt deg». Underteikna flyttar seg og bebuar går inn på rommet og set seg.»

Registrerte avvik

«Brukar sparka etter og lugga pleiar som skulle hjelpa brukar under kveldsstell. Pleiar kontakta sjukepleiar. Sjukepleiar var inn for å avslutta stellet, brukar forsøkte då også å slå etter sjukepleiar. Brukar fekk tydeleg beskjed av sjukepleiar at dette ikkje er greitt. Avdelingsleiar er varsla.»

Registrert avvik

Tilsette ved sjukeheimane kan oppleva vald og trakassering kvar dag.

Sjukepleiarane er klare i talen sin: Det er eit spennande, lærerikt og fint yrke, men ein skal også gjennom mange tunge tak og kvardagen kan vera krevjande.

Registrerte avvik frå 2020 til 2022 i Voss, Vaksdal og Ulvik

Hordaland har fått innsyn i alle avvik frå 2020 til 2022 registrert som vald og trakassering i sjukeheimane i Voss herad, Vaksdal kommune og Ulvik herad.

Tala for Voss herad viser totalt 123 registrerte avvik knytt til vald og trakassering i 2020, 2021 og 2022.

I rapporteringa av avvik skil Voss herad mellom uynskte hendingar og HMS-avvik. Uynskt hending er vald og truslar som råkar bebuarar, medan HMS-avvik er vald og trussel-avvik som råkar tilsette.

Tala for Vaksdal kommune viser totalt 30 registrerte avvik knytt til vald og trakassering i 2020, 2021 og 2022.

Tala for Ulvik herad viser totalt fire avvik knytt til vald og trakassering i 2020, 2021 og 2022.

Les også: Fryktar mørketal i rapportering av avvik knytt til vald og trakassering

– Skal føla seg trygge

Då kommunalsjef for helse og omsorg i Voss herad, Kjersti Nordanger, og områdeleiar, Agnete Hommedal Gilbakken, fekk presentert nokre av avvika, svara dei:

– Det er ikkje bra at vald og trakassering skjer slik. Ein lyt sjå på heilskapen for å unngå at slikt skjer igjen. Desse avvika var alvorlege og det er absolutt ikkje bra. Dette bør ikkje skje, seier Gilbakken.

– Er dei tilsette sin tryggleik vareteken på jobb?

– Ja. Ein kan jo lura når ein les slike avvik, men ja. Det er viktig med god kunnskap, viss ein skal vera trygg. Eg har aldri følt meg utrygg på jobb, svarar Gilbakken.

– Folk skal føla seg trygge når dei kjem på jobb, og når dei er i ulike situasjonar. Kvar enkelt avdeling og tilsette må saman med leiaren fanga opp slikt og setta inn tiltak. Eg skulle ynskja at ingen opplevde knyttneveslag, blåmerke eller slag mot ryggen. Det er ikkje greitt i det heile tatt å høyra at ein er i slike situasjonar. Samstundes veit me at det er biletet som teiknar ein del av verkelegheita hjå nokon få brukarar me har. Dei aller fleste er ikkje slik, svarar Nordanger.

– Mykje underrapportering

I rapporteringa av avvik skil Voss herad mellom uynskte hendingar og HMS-avvik.

Uynskt hending er vald og trugslar som råkar bebuarar, medan HMS-avvik er vald og trugsel-avvik som råkar tilsette.

Innsynet i avvika frå 2020 til 2022 viser nedgang frå 39 registrerte uynskte hendingar i 2020 til 31 registrerte i 2021 og 15 registrerte i 2022.

Det vart også registrert 10 avvik knytt til HMS i 2020, 20 avvik i 2021 og 8 avvik i 2022.

– Eg tør å påstå at det er mykje underrapportering her. Det er påfallande at tala går ned for kvart år som går. Det er ikkje fordi det ikkje skjer noko, seier Anne Berit Himle, som er hovudtillitsvald i Voss herad for Norsk Sykepleierforbund (NSF).

Dei anonyme sjukepleiarane støttar hovudtillitsvald sine synspunkt om mørketala.

– Viss det har vore avvik i løpet av ein dag, skriv de dei då?

– Eitt av fem, kanskje. Så er det det aspektet ved det heile at hendingar der ein får ein smekk på rumpa, skjer så ofte at ein ikkje skriv avvik på det. Det er heilt vanleg.

– Kva tenkjer de om det?

– Me må bli flinkare til å registrera avvika, men er også usikre på korleis me skal få alle til å gjera det, svarar dei.

Oppmodar til å skriva avvik

Kommunalsjef Nordanger trur også det er mykje underrapportering.

– Jo høgare tal registrerte avvik, jo betre er det for å få eit så rett bilete som mogleg av det som føregår i tenesta. Det er ingen grunn til å tru at det er mindre vald og trugslar i år samanlikna med i fjor eller året før, seier kommunalsjef Nordanger.

– Trur du det er underrapportert?

– Ja, svarar Nordanger.

Områdeleiar Gilbakken er einig.

– Sjølv om me prøver å ha opplæring på kvar enkelt tilsett, så er det også opp til dei tilsette å vurdera om det er eit avvik. Nokon tolererer meir enn andre, og det kan vera vanskeleg å skilja. Me oppmodar tilsette å melda inn avvik. Målsetjinga med å skriva avvik er at me skal bli betre og læra av hendingane.

Kjeldene våre

  • Innsyn i avvik frå helse- og omsorgsavdelinga i Voss herad for 2020, 2021 og 2022.
  • Intervju med tre anonyme sjukepleiarar som har jobba innan helse dei siste 20 åra.
  • Intervju med hovudtillitsvald hjå Norsk sykepleierforbund for sjukepleiarar i Voss herad, Anne Berit Himle.

Tips meg

Hei! Har du tankar om saka du har lese eller innspel til andre ting eg bør undersøkja? Ta gjerne kontakt og send meg ein e-post til [email protected]