Visst har eg lese om at dei driv med kampsport i den gamle bygda, både handbak og revkrok. Og sidan eg kjende fleire av karane på biletet frå mange harde tak i Fjordaserien på 70-talet, var det ikkje uventa at dei ville knusa murstein med berre nevane på sine eldre dagar.

Kvitanesen

Kvitanes er ein liten husmannsplass ved fjorden under garden Rondestveit i Ulvik. Der kom oldemora til Kvitanesen frå. Ho levde lenge, var nøysam, gjekk i svart skaut og alltid venleg. Ho gav han kandis og turka eple på omnen.

Kvitanesen har levert tekstar til Hordaland sidan 2008, i mange år annakvar laurdag, det siste året kvar laurdag. Alt var og er mest for moro, og so lenge mor hans levde ei slags helsing til henne frå ein son i utlegd. Framover skal Kvitanesen skriva i bladet ein gong i månaden.


Han som skriv Kvitanesen heiter Torbjørn Ljones, bur på Lillehammer og har vore rektor i vidaregåande skule i 35 år. Han var òg med og bygde vegen frå Hetlenes til Bruravik.

Eg har framleis merke etter nokre saftige grustaklingar ein kald vårdag ved fjorden. Men elles er det fredeleg i Granvin.

Les også

Karatreffet har gjort livet til Johannes (93) meir sosialt

Eg var innom Kjerlandsbutikken her ein dag med vadlasletta og kunne velja og vraka i alt ein treng til eit godt husmannsmannsmåltid, poter og kjøt, saft og sulig lefsa. Det einaste eg sakna var den gode praten med kjerlandsbonden, han sat kanskje oppi stova og trødde takten til ein Håstabøgangar, ikkje veit eg.

Men utan levande liv bak disken er ikkje handelen som før, eit venleg ord kan ikkje bytast ut med vipps. Eg betalar gjerne dobbelt for røykjekjøtet om eg får høyra litt om den dagen smalen sette seg i skårfeste, hoppa utfor og rett i fjorden og måtte bergast i båt og det hadde stinkla på og alt var i eit einaste kav.

Dei lyg aldri i Granvin, men fortel sanninga på ulike måtar. No les eg om Tore Lund frå Kragerø som har har funne lukka i ein skralpram ved bryggja på Eide. Han fortel at han fekk saltvatn inn med morsmjølka. Slik eg kan sjå på biletet vart han fødd utpå femtitalet då brystmjølka ikkje stod so høgt i kurs. Men lukka har han funne i ein båt, vakna kan han høyrande måsen skrika og bylgjene slå mot grønt land.

Eg høyrer rykte om at Ulvik Sogelag planlegg ein spasertur i gamle Granvin utpå vårparten. Toget av ulvikjer går før 17. mai og påmeldinga er alt god. Eg trur Hans Jakob Mæland vil opna den gamle kafeen og selja kaffi og nysteikte wienerbrød til grannefolket, sjølv om det er langt mellom høgrefolka blant dei. I Ulvik har det aldri vore høgreordførar, men kven veit? Verda står nok til etter påske.