Kan redaktøren forklara kvifor vi som bur andre stadar i landet skal betala 1000 kroner meir for avisa, som det tek nesten ei veke før vi får ho. De må heller ta det på posten.

Eg flytta til Steinkjer i 1957 og har abonnert på Hordaland sidan. For nokre år sidan fekk eg avisa ein eller to dagar etter ho vart sendt frå Voss. Laurdagsutgåva vart sendt frå Voss fredagen. Då låg ho i postkassen min laurdagsmorgon klokka 09 om morgonen.

Postvesenet har gått tilbake minst 100 år. Håpar redaktøren kan svara meg på dette.

Les svaret frå redaktør og dagleg leiar her: Ingvil Aaen Torpe svarar om portotillegg