Naudetatene rykka sundag ettermiddag ut til ei luftsportsulukke ved bakkane utanfor Voss kulturhus. Vedkomande skal ha vore medviten etter ei hard landing.

– Me fekk melding klokka 14.04 via brannvesenet. Pasienten var vaken og medviten, og er sendt til Voss sjukehus, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal til BA.

Det var TV 2 som fyrst omtala saka.

– Det skal ha vore ei hard landing. Vitner har fortalt om at vedkomande hadde ei låg innflyging, og gjorde ein skarp sving, seier operasjonsleiaren.

Skadeomfanget er ukjend.

Ikkje paraglider

Politiet meldte fyrst at det var snakk om ei paragliderulukke. Dette er ikkje riktig.

– Personen flaug speedglider. No kryssar me fingrane for piloten, seier Kjell Svanes i Voss hang- og paragliderklubb til Hordaland.

Ein speedglider er ei separat utgåve av paragliding, med små vinger, i fylgje Norsk luftsportsforbund.