Aarsand fortel at politiet med jamne og ujamne mellomrom får kunnskap om at det skjer omsetnad av alkohol til mindreårige, då i hovudsak øl. Dei kjem også over born under 18 år og i somme tilfelle under 15 år, rundt i distriktet som har fått tak i alkohol.
– Dette er ikkje bra, og dette må ta slutt. Punktum, seier politioverbetjent Aarsand bestemt.
Han minner som straffebestemminga i alkohollova paragraf 10-1:
Den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser gitt i eller i medhold av denne lov, straffes med bøter eller fengsel inntil 6 måneder.
Dersom overtredelsen er særlig grov, er straffen bøter eller fengsel inntil 2 år. Ved avgjørelsen legges vekt på om overtredelsen har stort omfang eller om det foreligger andre omstendigheter av særlig skjerpende art.
Aarsand viser til fleire tilfelle der personar har blitt straffa for sal av alkohol til mindreårige.
– Sidan sommaren 2022 har det i Vest politidistrikt vore straffereaksjon i sju saker der det er omsett alkohol til mindreårige. Dei sakene blei avgjort med førelegg på 6000 kroner, fortel han.
Stel for å selja vidare
Aarsand fortel om mindreårige ungdommar som stel alkohol frå butikkar, for å selja det vidare til andre mindreårige.
– Det er mindreårige under 15 og 18 år som stel og omset alkohol til andre. Dette skjer både på Voss og i nabokommunane. Me veit også om forretningar som er særskild merksame på enkelte ungdommar som er mistenkt for dette, fortel han.
Han fortel at det i hovudsak er snakk om øl, og at salet skjer gjennom sosiale plattformer og gjennom kjennskap og venskap.
– Det hender også bestillingstjuveri der mindreårige som er ute etter alkohol utfordrar andre jamaldrande til å stela alkohol frå butikkar, for å så betala vedkomande for å stela alkoholen. Det er ikkje greitt, fortel han.
– Tenk over konsekvensane
Aarsand ber om at folk har respekt for aldersgrensa på alkohol, og om å tenkja over kva konsekvensar kjøp og sal av alkohol kan medføra.
– Det er ei årsak til at det er aldersgrense på å drikka alkohol, og ikkje minst på å selja alkohol, så eg ber folk ha respekt for den aldersgrensa som er. Ein burde også tenkja over kva konsekvensar det kan få om ein blir tatt for å selja alkohol til mindreårige, eller for handlingar påverka av rusen. Dette kan få konsekvensar for både jobb, skule og førarkort.
Vidare understrekar han at seljar vil kunne verta ansvarleg for ulovlege handlingar/hendingar den mindreårige gjer i rusa tilstand. Også dersom det skulle skje ei ulukke med vedkomande.
– Ein kan for eksempel tenkja seg ein 13-åring som utfører handlingar som får konsekvensar i form av straff eller skadar, eller som hamnar i ei ulukke der alkohol er ein medverkande årsak. Då vil den som selde alkohol til den mindreårige kunne verta ansvarleggjord. Det kan føra til store erstatningskrav og personen som selde alkoholen må leva med dette for resten av livet, seier Aarsand.
Snakk med borna
Aarsand ynskjer at foreldre skal vera observante på denne problematikken, og kjem med eit godt råd.
– Ta ein prat i heimen, ha ein avtale om å henta barnet ditt, vit kor dei er, og kontroller at dei ikkje har alkohol tilgjengeleg, oppmodar Aarsand.
– Og om dei får tak i alkohol i heimen, eller om det er foreldre som kjøper til borna sine, så er det kontroversielt,og me veit at det skjer, men det er ulovleg, poengterer politioverbetjenten.
Aarsand fortel at han har fleire namn på blokka av både kjøparar og seljarar som er mindreårige.
– Om nokon har kjennskap til slik organisering ber eg dei ta kontakt slik at me kan gje råd for å få stoppa det, oppmodar Aarsand.
