– Me legg oss heilt flate. Me rykte ut til ein brann me sjølv hadde skulda for, seier politioverbetjent Håvard Skattum ved Voss politistasjon.

Det var tysdag i 16-tida at politi og brannvern rykte ut til ein konteinarbrann ved den tidlegare politistasjonen i Fredheim.

Feil under flyttesjau

Årsaka til brannen viste seg å vera eit stort batteri som låg under konteinaren.

Batteriet skal ha hamna her ved ein feil då politiet nyleg flytta frå Fredheim til den nye politistasjonen.

– Då konteinaren vart flytta på hadde batteriet gått varmt og teke fyr, seier Skattum.

Batteriet var om lag 30 x 50 centimeter, og var ein del av eit beslag. Batteriet høyrde truleg til ei maskin av eitt eller anna slag.

– Meininga var at me skulle ta med oss batteriet, og at dette skulle destruerast, seier Skattum.

Skattum seier at det vert etterforska om brannen oppstod ved uforsiktigheit eller ved eit uhell.

«Ingen dramatikk»

Brannvernet melde tysdag raskt ifrå om at det var kontroll på brannen.

– Det var ingen fare for spreiing, stod det i 110 Vest si twittermelding frå tysdag ettermiddag.

Harald Rongen i Voss brannvern stadfesta dette kort tid etter.

– Det brann i nokre batteri i ein konteinar. Dette var heilt udramatisk, sa han.