Seint laurdag kveld og natt til sundag vart det registrert tre forskjellige valdshendingar i politiloggen.

– Dette er alvorlege valdshendingar, og fleire personar vart skadde i desse hendingane, seier Henning Hegbom på Voss politistasjon.

Ein ung mann i slutten av tenåra er arrestert i den eine saka. Mannen vart frakta til arresten i Bergen etter hendinga, som skjedde i Sivlevegen setralt på Voss.

– Me ynskjer at vitne melder seg i sakene, men spesielt i saka som skjedde rundt klokka 02:30 inne på serveringsstaden Venezia på Vangen. Her skal to personar ha blitt slegne av fleire personar i ein gjeng, opplyser Hegbom.

– Ikkje bra

Ahmad Sarhan Alazo, som jobbar på Venezia, var på jobb då valdshendinga skjedde på restauranten hans.

– Me stod og laga mat, så plutseleg ser me at to personar vart slegne. Me braut dei involverte opp, og fekk kasta dei ut av restauranten, seier han til Hordaland.

Alazo har tidlegare snakka med Hordaland angåande problema dei har hatt med uro om natta. No kan han opplysa at dei har installert kamera, og gjort fleire tiltak for å prøva å unngå slåsting.

– Det er ikkje bra når slike ting skjer. Me vil ikkje ha det slik hjå oss. Me vil laga mat, og levera god mat til kundane våre, men så skjer det igjen, seier han oppgitt.

No ynskjer politiet at vitne tek kontakt med politistasjonen på Voss, slik at dei får mest mogleg informasjon om hendinga.