Då Utrykkingspolitiet hadde trafikkontroll i Granvin onsdag ettermiddag, kom det ein bilist som ikkje var villig til å stansa.
– UP fylgde etter eit stykke på avstand, utan lyd og ljos og forsøkte å stansa han, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.
Like før bilisten kom til Kvanndal, fekk politiet stogga vedkomande.
– Det var ein mann i 60-åra som ikkje var samarbeidsvillig. Han var åleine i bilen, og førarkortet er inndrege, seier Kolltveit.
Det er ikkje mistanke om rus.
– Farleg køyring
Ein som køyrde i same retning då det heile skjedde fortel at han var vitne til farleg køyring.
– Han kom mellom meg og autovernet i venstre sving, mellom Granvin og Kvanndal, og eg heiv meg til høgre og gav ein fløyt, seier tipsaren som ynskjer å vera anonym.
Han seier at bilisten vidare køyrde som ein villmann forbi bussen som køyrde framføre. Då han kom til Kvanndal var bilisten stogga av politiet, og stod i grøfta.