Det går fram av ei pressemelding fredag kveld.
– Frå no er det fyrst og fremst personar med symptom som bør testa seg, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) i pressemeldinga.
Etter dei med symptom er det folk som skal teste seg ut av karantene som skal prioriterast.
Særleg viktig for skular og barnehagar
Endringa er særleg viktig for skular, barnehagar, høgskular og universitet, der det har vore anbefalt jamleg testing i kommunar som har opplevd smittespreiing som har påverka samfunnet i stor grad, blir det påpeika.
Endringa i teststrategien blir gjort på bakgrunn av faglege tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.
– Kvar og ein av oss må framover ta eit større ansvar sjølve, og det gjeld òg bruk av sjølvtestar. Testane skal brukast når det er grunnar til det, og då fyrst og fremst ved symptom, seier Kjerkol.
Kommunen må vurdera
Kjerkol understrekar at kommunar som vurderer å innføra eit høgare tiltaksnivå, framleis må vurdera om jamleg testing kan vera eit alternativ.
Ho påpeikar at målet framleis er at barn og unge skal skjermast for dei mest inngripande tiltaka.
Det har vore meldt om mangel på hurtigtestar mange stader, og fleire kommunar har derfor måtta prioritera kven som skal få testar gratis.

Slik held Sjur Røthe ut ventinga før OL: – Trening, serie og FaceTime med sonen min
