I tidlegare tider var det vanleg at hadde nokon sett ungar til verda, så hadde dei omsorg for ungane, og følgde dei opp til dei var så gamle at dei klara seg sjølv. Ifylgje ein artikkel i avisa Hordaland tysdag 13. september ser det no ut til å vera slutt med den slags omsorg for ungar.

Men kvifor samlast, og oppheld, ungar og ungdom seg i gatene på Vangen til klokka 03.30? Det skjer, truleg, ikkje noko spesielt verken spennande eller uvanleg morosamt. Det er vel gjerne berre gjengen og «gjengmentaliteten» som rår, og at nokon i gjengen, plutseleg, finn på noko som andre ikkje har tenkt på – godt eller gale!

Kan grunnen til «ungdomsgategjengane» på Vangen vera at desse ungdomane ikkje har nokon annan stad og vera? Då vil eg minna både foreldre og andre om at det finst ungdomshus i kvart einaste bygdalag i Voss herad + Ungdomshallen på Vangen. Og desse husa er no, etter det eg veit, ikkje særleg mykje i bruk. (Det er lenge sidan det var dans på Bulken eller i Borgartun!)

Hadde det ikkje vore ein god tanke å opna desse ungdomshusa for «gateungdommen» på Vangen? Her kunne ungdom samlast, driva med leik, spel, dans, luftgevær, skodespel/revy og anna triveleg aktivitet. Eg vil oppfordra både styremedlemmar i styra for ungdomshusa (halvgamle eller gamle?) og foreldre til å ta ungdomshusa i bruk att for hyggjeleg aktivitet for ungdomar i Vossabygda.

Ungdomshusa står der, ungdommen er her – det krevst, gjerne, berre litt tiltak.