Mange vossingar kan venta å få russen på døra komande sundag.

Då skal avgangselevar ved Voss gymnas og Voss vidaregåande skule gå frå dør til dør under den årlege innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft.

Ei hjartesak

I år går dei innsamla pengane meir spesifikt til forsking på kreft med spreiing.

For dei to unge aksjonssjefane Sigri Sævartveit (19) og Johanne Blikberg Herheim (18) på Voss gymnas er dette ei hjartesak dei meiner krev endå meir forsking.

– Me, som dei fleste andre, har gjerne nokon i nær relasjon som anten har eller har hatt kreft. Det er utruleg viktig at det vert forska meir på kreftområdet. Om me som unge gjer det me kan for å styrkja kreftforskinga gjennom denne innsamlingsaksjonen, kan me kanskje auka sjansen for overleving og dermed redda liv, presiserer dei to russejentene.

Russepresidenten på Voss vidaregåande skule, Agnes Ystanes Djønne (18), er samd med dei to jamaldringane:

– Dette er ei særs viktig sak som råkar så godt som alle. I tillegg er dette ein fin tradisjon russen på Voss har hatt i ei årrekkje, seier ho.

Kaker for 3000

Russen er alt godt i gang med innsamlinga. Tidlegare denne veka arrangerte dei til dømes eit kakesal på gymnaset, der dei håva inn 3000 kroner på berre kaker og saft.

Dei opplever dermed at resten av russekullet ser verdien av innsamlingsaksjonen.

– Både me to og resten av russen skjønar at dette er ei viktig sak, for til no har engasjementet vore upåklageleg, seier Sigri.

Kakesalet held fram i neste veke, men då på Voss vidaregåande skule.

På vegner av seg sjølv og resten av russekullet gler dei tre avgangselevane seg til «bøsseberinga» på sundag.

– Me vonar folk ynskjer å støtta prosjektet, seier Sigri og Johanne samstemte.

– Eg vonar me greier å samla inn mykje pengar til kreftsaka, seier russepresident Agnes.