Sundag 4. september 2016 gjekk Tomasz Ziolkowski på tur i fjellheimen i Ulvik.
Målet hans var truleg å nå toppen av Vassfjøro 1633 meter over havet.
Men då Tomasz ikkje møtte opp på jobb tysdagen etter, vart det sett i gang full leiteaksjon.
Men utan funn. Heilt fram til oktober 2022, seks år seinare.
Kva skjedde på turen opp til den spektakulære fjelltoppen?
Seks år etter at Tomasz Ziolkowski forsvann i fjellheimen, vart han funnen av to bønder på tur
Nils Tore Skjerdal og Lars Johan Tveit fann den polske mannen som forsvann i 2016.