Torsdag er det ny smitterekord i Noreg, med 5259 nye smittetilfelle det siste døgeret.

Dei siste sju dagane er det stadfesta 48 nye smittetilfelle i Voss herad, seks av dei det siste døgeret.

Mindre fokus på smittetal

Kommuneoverlege Eystein Hauge seier at dei no ser heller på graden av sjukdom, enn på sjølve smittetala.

– Me trur at etter kvart no så ser me ein grunnimmunitet. Me har sett tidlegare at me har tiltak som me kan ta i bruk for å slå ned smitte, det har vorte vist gjentatte gonger at det går an. Når me ynskjer det, så kan me slå det kjapt ned.

Hauge seier at tidlegare har det vore fornuftig og rasjonelt, så lenge auka smitte fører til alvorleg sjukdom.

– No er me der at me ikkje lenger trur at slike kraftfulle tiltak lenger kan rettferdiggjerast. No når me er tryggare på at risikoen for at befolkninga vert alvoreg sjuke av covid er mykje lågare enn før, så endrar det litt vårt fokus.

Lett påverka

I Bergen kommune hadde dei torsdag ettermiddag pressekonferanse der nye lokale tiltak vart presentert. Dei behandlar no alle nye smittetilfelle som omikron-varianten.

– Så langt har me ikkje fått slike tilbakemeldingar om at det er omikron som har vore mellom tilfella her. Det er laboratoriet som bestemmer om dei gjennomfører gensekvensering, for å kunne sjå kva variant det er snakk om.

Ifylgje kommuneoverlegen er dei fleste av dei smitta her berre er lett påverka av sjukdomen, og det gjeld uansett kva variant ein vert smitta med.

– Om det er omikron, delta eller ein annan variant, så endrar det ikkje vårt syn på dette. Me er framleis opptatt av grad av sjukdom, og ikkje smitte.

To innlagde på Voss

Torsdag har Voss sjukehus fått inn ein ny koronapasient.

Det ligg altså to koronapasientar på sjukehuset no, der den fyrste vart innlagd onsdag. Denne var den fyrste koronapasienten på sjukehuset på fire månader.

17 koronapasientar er innlagde på Haukeland universitetssjukehus, fire av desse er personar mellom 18 og 64 år som får intensivbehandling.

Les meir her: Korona-tal

To nye i Klausabakken

Klausabakken barnehage har den siste veka hatt eit smitteutbrot, og måndag meldte barnehagestyrar Åse Ringheim Svane om totalt ni smitta vaksne og born. No kan det sjå ut til at smitten har roa seg.

– Me fekk melding om eitt nytt smitta born på tysdag. Me har også fått eitt tilfelle torsdag, men det er eit sysken til ein smitta. Dette barnet har altså ikkje vore i barnehagen sidan sist torsdag, seier Svane.

Ho håpar at utbrotet no er på veg mot slutten.

– På den gruppa der smitten starta, har det ikkje vore nye tilfelle på ei veke. Det er veldig bra. Elles har eg heldigvis ikkje fått melding om at nokre av borna har vorte veldig dårlege, seier ho.