Partia er samde om dette:

  • Matsentralane blir sikra 2 millionar kroner i 2022.
  • Nærbutikkar med høge straumrekningar får 23 millionar kroner.
  • Eingongsutbetaling til studentar på 1.500 kroner (kostnad 210 millionar kroner).
  • Ekstrautbetalingar i bustøtte i oktober og november på til saman 194 millionar kroner.

Utgangspunktet for forhandlingane har vore straumstøtteordninga for næringslivet, som regjeringspartia presenterte saman med LO og NHO i september.

Denne ordninga blir likevel slik ho opphavleg vart presentert.

SV: – Hausten blir ein test

Forhandlingsleiar Torgeir Knag Fylkesnes i SV seier at hausten blir ein stor test på om me stiller opp for dei som slit med utgiftene i ei krisetid.

– No slit folk med straumrekningane, då er det viktig at fellesskapet stiller opp på ein skikkeleg måte. Med denne avtalen blir nokre av dei mest utsette gruppene i samfunnet sikra over 1,2 milliardar meir i straumstøtte, seier han.

Semja inneber at fleire får bustøtte, og at dei får meir i straumstøtte heilt fram til april neste år, opplyser SV.

– Me gir i tillegg ei handsrekking til studentane inn mot vinteren, seier han.

Ap: – Ei god straumstøtteordning

Regjeringa har også fått fleirtal frå SV for forslaga om å løyva sju milliardar kroner i støtte til Ukraina og for å styrkja Forsvaret.

– I ei meir uroleg tid må me stå saman og ta vare på kvarandre og ha gode ordningar for dei som får det ekstra trongt framover, seier Eigil Knutsen i Ap, som er leiar av finanskomiteen på Stortinget.

– Eg er veldig glad for at me no har fått fleirtal for ei god straumstøtteordning for næringslivet, som me veit at også LO, NHO og Virke har stilt seg bak.

Svarer på naudrop

I førre veke sende ei rekkje nærbutikkar ut eit naudrop om at mange nærma seg konkursens rand. Dei får no svar i form av ei ekstraløyving.

− Me skal ha levande bygder i heile landet. Derfor treng me nærbutikkane. Førre veke fekk stortingspolitikarane våre eit opprop frå over 70 lokalbutikkar som slår alarm. No har me fått på plass ei handsrekking til nærbutikkane for å kompensera for høge straumprisar, seier Geir Pollestad, finanspolitisk talsperson for Senterpartiet.

Matsentralen Norge får også 2 millionar i auka løyving i 2022. I statsbudsjettet for 2023, føreslo eigentleg regjeringa å kutte løyvingane deira neste år med 619.000 kroner.

Pollestad innrømmer no at det var ein feil.

− Behovet for matsentralane er stort og aukande. Statsbudsjettet for 2023 blir stramt, og me må gjera mange kutt – men dette budsjettkuttet vart feil. Vi vil forsterka matsentralane. Derfor aukar me no støtta til matsentralane med 2 millionar kroner i 2022, seier han.