Innspel
Chicago er ein storby med 2,7 millionar innbyggjarar. Me bur i eit roleg og familievenleg nabolag på nordsida av byen, Andersonville. Ikkje visste me at det er kjend som ‘girlstown’ – det lesbiske nabolaget.
Det er vel 50 år sidan me avkriminaliserte homofili i Norge. Stat for stat har óg USA gjort det same, etter omlag 100 år med sodomilover. Her fekk lesbiske og homofile tilgang til ekteskap i 2015, etter ei historisk avgjersle i høgsterett. Det finns samstundes store protestar til denne inkluderinga. I september i fjor meldte ei mor skulen til politiet då biblioteket hadde ei bok som skildra skeivt liv og dating-apper, noko ho syns var farleg for dottera si. Boka ho var redd for er This Book is Gay av Juno Dawson. Denne, og seks andre bøker, vart teke vekk frå skulebiblioteket etter klager frå foreldra.
Dette er eitt av mange døme på den såkalla kulturkrigen som har føregått i USA dei siste åra. Bøker og undervisningsmateriell vert i fleire tilfelle sensurert med bakgrunn i at det er ‘woke-indoktrinering’. Sagt på ein annan måte er det typisk materiell som tek opp mangfald i seksuell identitet og/eller hudfarge. I Chicago og i vesle Andersonville kjenner eg derimot ikkje på nokon kulturkrig.
Når eg går hand i hand med kona mi på Voss kan eg få nokre lange blikk – det gjer eg absolutt ikkje her. Eg har introdusert meg og familien min til ganske mange over to månader, og ingen har stussa over at eg introduserer ei kone. Det er godt å vera så alminneleg. To dagar i veka går eg og borna til ei ope leikegruppe i ei lokal kyrkje. Leikegruppa er organisert av Miss Michelle, som sjølv ikkje fekk barnebarn då ho har ein homofil son utan born. Ho er svært glad i born og har drive denne meir eller mindre opne barnehagen i 40 år.
Lisa og Jenny flyttar til Chicago: – Me vil visa borna at det er fleire måtar å leva på
Her møter eg andre med små born, eg møter lesbiske mødre, stay-at-home skodespelarfedre, einslege foreldre, besteforeldre, homofile fedre og nannies. På skiltet utanfor kyrkja er det eit tydeleg regnbogeflagg. Eg skulle gjerne sett det same på Voss.
I Chicago prydar prideflagget mange bygg, verksemder og heimar. Eg ser fleire regnbogeflagg enn amerikanske flagg her me bur. Regnbogeflagget som vert brukt her er i hovudsak det progressive. I det progressive flagget er det striper av rosa, kvit og lyseblå for å inkludera transpersonar, fargane svart og brun representerer folk med farge, og det svarte viser óg til alle som døde under AIDS-pandemien på 80-talet. Naboane våre har regnbogeflagget som gardin.
Sjølv om eg er skeiv, hindrar ikkje det meg i å bli positivt overraska. Førre fredag gjekk eg på sportspub for å få med meg basketballkampen mellom The Bulls frå Chicago mot Phoenix sine Suns. Dei to som jobba i baren var for meg openbart homofile, den eine med ‘mumjeans’, fine øyredobbar og ei mild framtoning, den andre var ein mørk, langhåra vakker androgyn person – eg er usikker på kva kjønn denne personen identifiserte seg med. Seinare kunne naboen min fortelja meg at dette var ein populær skeiv sportsklubb – eg var positivt overraska.
I går jogga eg ein tur og i skumringa måtte eg dela eit trangt fortau med to menn, fyrste reaksjon er å vera litt på vakt. Eg kjem nærare og ser at dei to i slitte bomullsjakker og mokkasiner er eit par i 60-åra som held hender, noko jublar inni meg. Eg tek meg sjølv i å stirra på menn som held hender på butikken, kyssande poliamorøse på St. Patrics Day og eldre damer som kikar forelska på kvarandre over eit glas vin. Det er jo litt frekt, men sjølv om eg er skeiv så er det nytt for meg at homofile kan visa kjærleiken sin så eksplisitt.
Chicago har kome langt både når det gjeld å inkludera skeive og transpersonar. Overalt finn ein teikn på dette, på toaletta står det gjerne at dei er for ‘humans’. Veggar ute er dekka med store måleri, ofte med tekst som «black lives matter» eller «black trans lives matter». Mange unge framstår androgyne og eg har vanskar med å definera dei, både kva gjeld legning og kjønn. Det er nytt og det gjev meining for meg at folk får utrykka sitt kjønnsuttrykk slik dei sjølve kjenner det riktig.
Å vera skeiv i Chicago, det er inga sak.