Fredag er det ny smitterekord i Noreg for tredje dag på rad, med 5355 nye smittetilfelle det siste døgeret.

Ifylgje VG si oversikt er smittetala slik for vårt område:

  • Voss: 2 nye smitta siste døgeret
  • Vaksdal: 2 nye smitta siste døgeret
  • Ulvik: 4 nye smitta siste døgeret

Fredag melder Helse Bergen om to innlagde koronapasientar på Voss sjukehus. Ingen av dei får intensivbehandling.

Omicron-varianten framleis ikkje stadfesta

Kommuneoverlege i Voss herad, Eystein Hauge, seier at dei framleis ikkje har hatt mistanke om omicron-varianten når det gjeld smittetilfella den siste veka.

– Er det nokre av prøvane som har vorte analysert for omicron?

– Nei, ikkje som me veit. Me har fått beskjed om å varsla laboratoriet i Bergen om smittetilfelle som me mistenkjer kan vera omicron, og det har me enno ikkje hatt mistanke om. Så kan det henda laboratoriet tek stikkprøver utover dette. Me har uansett ikkje fått inn nokre stadfesta tilfelle av denne varianten, seier kommuneoverlegen.

Over 100 på intensivavdeling

316 personar er no innlagde med korona på norske sjukehus. Av desse ligg 103 pasientar på intensivavdeling, blant dei er det 50 som får respiratorbehandling. Tala er frå torsdag.

Av desse er 14 pasientar innlagde på Haukeland universitetssjukehus. Fire av dei får intensivbehandling og er mellom 18 og 64 år.