– Eg kjem meg gjennom eit par-tre romanar også, seier Bryn som i år er i Oslo heile påsken.

Min påske

– Eg er i Oslo denne påsken som i fjor. Kan dessverre ikkje heim til Voss på grunn av koronareglane. Eg arbeider delar av påsken, og det er heilt greitt. Akkurat no kjem eg frå eit lite utandørs påskebesøk hjå ein annan vossing i Oslo, Tore Brunborg.

Skitur og salme

– Vanlegvis er eg på Voss i påskeferiane, men eg har aldri fri heile høgtida. Turnusen går sin gang året rundt, og det er som kjent Dagsrevy kvar kveld.

– Påsken er ei fin høgtid. Det einaste faste ritualet eg brukar å ha, er ein skitur til bror min Knut og svigerinne Britt på Fyrjo skjærtorsdag. Og eg får gjerne med meg den mektige salmen Påskemorgen slukker sorgen 1. påskedag.

Pandemiprega nyhende

– Korleis har det eigentleg vore å formidla nyhende under ein pandemi?

– I over eitt år har korona vore hovudtema i sendingane våre. Det har vel knapt vore ein Dagsrevy utan at me har snakka om pandemien. Me skal vera nøkterne i formidlinga. Sjølv om styresmaktene kallar dette for ein dugnad og det er låge dødstal i Noreg, skal me også stilla kritiske spørsmål om handteringa av pandemien.

– Me prøver i alle sendingar å ha opplyftande og positive nyhende også, men det er ikkje alltid like lett i desse dagar.