Den vanlege toppskåraren, Ingeborg Almeland Tveit (biletet), vart passa på. Då stod andre spelarar fram i angrep.
Den vanlege toppskåraren, Ingeborg Almeland Tveit (biletet), vart passa på. Då stod andre spelarar fram i angrep. Foto: Ingvild Siglen Berger

Andre tok ansvar då toppskåraren vart passa på

Når den «vanlege» toppskåraren, Ingeborg Almeland Tveit, fekk frimerke, tok andre ansvar hjå Voss sine handballdamer.

Dermed vart det siger 15-28 borte over Bjarg i den sjette strake topoengaren og den fjerde strake gevinsten på bortebane denne sesongen

Drog frå etter pause

Denne gongen vart det «berre» fem fulltreffarar påIngeborg Almeland Tveit.

– At ho vart godt passa på, gav meir rom for andre.Synne Bakketun noterte seg for seks ballar i nota, medanBetina Arnesen Harkestad fekk notert sju i protokollen. Det er veldig kjekt at andre spelarar står fram, seier trenar Claus Thorsen.

Vossadamene kom raskt opp i ei leiing på tre-fire mål, og heldt dette til pause.

Men korkje trenaren eller spelarane var heilt nøgde med det som vart prestert ute på parketten.

– Me bestemte oss i pausen for å trykkja meir til i forsvar i andre omgang. Og det klarte me. Det vart berre seks baklengs etter pausen. Me kom oss det kneppet opp som me ynskte.

Tre fekk sin fyrste

Tre debutantar på 16-17 år kom og på bana for Voss i denne kampen:

Lillian Olsnes Helland (back), Mathilde Mellum Søiland (bakspelar) og Mari Moen Eldegard (ving).

– Det er alltid kjekt å kunna sleppa til debutantar.

Lagånd og beina på bakken

– Etter tap 17-24 for Åsane i fyrste kampen, har Voss teke seks strake sigrar. Kva er suksessfaktoren?

– Suksessfaktoren er det teamet me er. Me har treningar med høgt fokus på kvalitet, trivsel og glede. Me har ei enorm lagånd. Me står opp for kvarandre – både på og utanfor bana. Mange av spelarane har spelt saman mange år og kjenner kvarandre veldig godt.

Samstundes strekar trenaren under at ein ikkje må sleppa seg nedpå, sjølv om ein har god flyt.

– Ei utfordring no er at me ikkje må ta lett på nokon oppgjer, og ta éin kamp om gongen. Må må vera skjerpa kvar einaste gong, sjølv om me har vunne dei siste kampane med både både 13 og 14 mål.

Neste veke er det to kampar. Fyrst heime mot Fyllingen 4. desember, og deretter borte mot Årstad 7. desember.

– Sesongmålet vårt er å vera i toppsjiktet. Fysteplass vil vera ei kjempebragd. Endar me opp på tredje eller fjerde plass, er me kjempenøgde.

I utgangspunktet er målet ikkje å rykkja opp.

– Det handlar om at det er litt tynn rekruttering frå rekkjene under. Me har ei overvekt av rutinerte spelarar. Tredje divisjon vil vera ein heilt annan kostnad enn fjerde. Ikkje berre økonomisk; me må i så fall opp både eitt og to knepp når det gjeld treningsmengde og -intensitet.

Tabellen ser duher.

Kamprapporten for Bjarg - Voss ser duher.

Voss sine resultat så langt - og terminlista for resten av sesongen - ser duher.