Trass sterk vind og rotete spel henta damelaget til Voss fotballklubb heim sigeren etter å ha slått Hinna i Stavanger 2-1 sundag.

- Det gjekk. Men for vår del var dette vår dårlegaste kamp hittil, seier trenar Nils Helge Kvamme. Han meiner laget, som spelar 2. divisjon, ikkje er på nivået dei bør vere.

I fyrste omgang tek Voss leiinga om lag halvvegs, etter mål frå Hanne Siri Skjerveggen.

- Etter det har me OK kontroll resten av omgangen. I andre omgang slit me meir, og slepp inn eit mål omlag 15-20 minutt uti. Me spela meir rotete, og veldig sterk vind hadde og litt å seie. Eit kvarter før slutt skårar Anne Mari Flisram. Eit frispark til Hinna fem minutt på overtid held spaninga i gong til siste slutt. Kvamme meiner likevel at laget dei møtte var blant dei svakaste så langt.

Etterlengta poeng fekk vossingane uansett, og jentene kunne jubla i garderoben og heile bussturen heim att. Ein god supportergjeng hadde dei og med seg.

Ein gjeng på 10-15 vossingar fylgde med oss og gav alt frå tribuna. Det set me utruleg stor pris på, seier Kvamme. No ser han framover.

- No må me jobba vidare for å komma oss opp på rett nivå. Me treng meir kamperfaring, og sånn sett ser det bra ut no, då me får fire kampar på ei veke frå neste helg, seier trenaren.