TRENAR: Eyvind Eidhammer er ny i trenarteamet til Fbk Voss. Foto: Solveig Toje

Denne mannen vert trenar i Fbk Voss

– Eg gler meg til å jobba saman med ein ung og ambisjonsrik trenar som Magne Himle.

Det seier Eyvind Eidhammer til Hordaland. Rogalendingen går inn i rolla som assistenttrenar for damlaget til Fbk Voss.

– Dette vert spennande. Eyvind har vore med på mykje både som spelar, trenar og som spelarutviklar. Han er også utdanna pedagog. Me har hatt nokre positive møte, seier hovudtrenar Magne Himle (27).

Vard og Haugar

55-åringen har spelt aktivt for m.a. Vard Haugesund på nivå to og 3. Han har vore trenar sidan han var 15 år, og har m.a. vore assistenttrenar for Haugar sitt damelag. Eidhammer har også erfaring som spelarutviklar.

Jobbar i barnevernet

Eidhammer flytta til Voss i 2016, og har m.a. vore rektor ved Voss ungdomsskule. No er han nytilsett barnevernsleiar på Voss.

– Fbk Voss tok kontakt, og la fram mykje spennande tankar. Dette gjorde at eg fekk lyst til å vera med rundt damelaget, seier Eidhammer og kjem med ros til hovudtrenaren.

– Magne er ein ung og spennande trenar. Han har mange gode tankar om fotballen. Eg gler meg til å jobba saman med Magne, seier Eidhammer.

Les også
Magne (27) frå assistent til hovudtrenar

Glede i Fbk

Linda Fostervoll Kvamme i sportsleg utval i Fbk Voss er godt nøgd med å få meg Eidhammer i trenarteamet.

– No har me landa eit godt trenarteam. Me er godt nøgde med å få med oss ein erfaren fotballmann som Eyvind Eidhammer saman med Magne Himle. Magne har ein del erfaring, trass sin unge alder. Men det kan koma godt med å ha eit samarbeid med ein så erfaren trenar som Eidhammer. Dei vil nok utfylla kvarandre godt, seier Fostervoll Kvamme.

Les også
Rektor Eidhammer har sagt opp