MELLOM FAVORITTANE: Sjur Røthe og landslagstrenar Eirik Myhr Nossum. Foto: Svein Halvor Moe

Desse får Sjur med seg på tremila

Tittelforsvarar Sjur Røthe er mellom dei store favorittane på 30 km med skibyte. I dag vart heile det norske laget offentleggjort.

Sjur Røthe får med seg desse løparane: Hans Christer Holund, Emil Iversen, Johannes Høsflot Klæbo og Simen Hegstad Krüger.

Dette vart offentleggjort på ein digital pressekonferanse fredag morgon i den tyske VM-landsbyen.

Les også
Sjur klar for gulljakt og papparolla

God blanding

Landslagstrenar Eirik Myhr Nossum seier laget er delt opp med to sterke avsluttarar i Iversen og Klæbo, medan Krüger, Holund og Røthe kan vert meir interessert i høg fart frå start til mål.

Med uttaket er det klart at Pål Golberg ikkje gå trass at han har prestert betre enn Holund, Klæbo og Krüger på 30 kilometer med skibyte i vinter.

Les også
Sjur jaktar Voss sin 100. medalje