TIL FINLAND: Sjur Røthe er sjølvsagt med i verdscuptroppen. Foto: Ørjan Brattetveit

Desse går verdscupopninga

Sjur Røthe var med ti troppen alt før sesongopninga på Beitostølen. No er heile troppen klar.

Sjur Røthe viste god form på Beitostølen og vert einaste vossing som går i Finland, sjølv om Karoline Simpson-Larsen tok 4. og 6. plass.

– Eg har vorte lagt merke til no. Og eg har meir trur på at eg får gå i Davos, om dette ikkje vert avlyst. Der er det distanserenn. I Finland er det minitour med sprint, så det passar meg ikkje, seier Simpson-Larsen, som ikkje er skuffa over uttaket.

Troppen

I Ruka-trippelen komande helg utøvarane går klassisk sprint fredag, 10/15 kilometer klassisk laurdag og 10/15 kilometer jaktstart i fri teknikk sundag.Dette er troppen:

Kvinner:

Hedda Østberg Amundsen (Asker Skiklubb), Helene Fossesholm (Eiker Skiklubb), Therese Johaug (IL Nansen), Anne Kjersti Kalvå (Lundamo IL), Mathilde Myhrvold (Vind IL), Ane Appelkvist Stenseth (Grong IL), Anna Svendsen (Tromsø Skiklubb), Heidi Weng (IL BUL), Lotta Udnes Weng (Nes Ski), Tiril Udnes Weng (Nes Ski).

Menn:

Pål Golberg (Gol IL), Mikael Gunnulfsen (IF Ørn), Hans Christer Holund (Lyn Ski), Emil Iversen (IL Varden Meråker), Johannes Høsflot Klæbo (Byåsen IL), Simen Hegstad Krüger (Lyn Ski), Sjur Røthe (Voss IL), Sindre Bjørnestad Skar (Bærums Verk og Hauger IF), Håvard Taugbøl (Lillehammer Skiklubb), Erik Valnes (Bardufoss og Omegn IF).

Les også
Medaljejubel frå Istad til Røthe