AVLYST: Leiinga i Ekstremsportveko har avlyst årets arrangement. Biletet er frå opninga i 2019. Foto: Karl Ystanes

Ekstremsportveko avlyser årets arrangement

Styret og leiinga i Ekstremsportveko har bestemt seg for å avlysa årets arrangement på grunn av koronaviruset.

I ein e-post opplyser Kjetil Kriken, June Jansson, Gjert Birkeland og Alexander Benjamin i Ekstremsportveko at styret og leiinga har bestemt seg for å avlysa festivalen.

– Me ser fram mot neste år, og ynskjer velkomen til Ekstremsportveko 27. juni til 4. juli 2021.

Dei skriv at det ikkje har vore ei lett avgjerd, men på grunn av koronaviruset så ser dei ingen andre alternativ enn å avlysa.

– Ekstremsportveko har fylgt utviklinga av COVID-19 nøye saman med Voss herad, Helse Vest og andre aktørar sidan utbrotet var eit faktum. Leiinga i Ekstremsportveko har sett på andre alternativ enn å avlysa, men vurderinga for helse og beredskap veg tyngst. Voss herad har også gjeve offisielle råd om å avlysa Ekstremsportveko i sin heilskap, opplyser dei.

Men legg til at dei er glade for å opplysa om at mykje av programmet vil bli gjennomført i 2021.

Flyttar det meste til 2021

Alle aktivitetar og konkurransar, inkludert verdsmeisterskapet i brattpadling, vil bli flytta til 2021.

– Me har også fått til at Turboneger, Inner Circle, Side Brok, Bernhoft og Pineapple Express kjem for å spela for oss i 2021.

Dei legg til at dei ikkje har all informasjon enno, men takkar for tolmodet.

– Me har ikkje alle svara om billettar og refusjon, men me er sikre på at me finn ei løysing. Alle som har kjøpt billett kjem til å bli kontakta før 15. mai.

Utfordrande for Veko

Det er vanskeleg å sjå for seg Ekstremsportveko utan dei lokale samarbeidspartnarane, og Veko stiller seg såleis bak brevet frå Voss herad til Stortinget som blei sendt ut 16. april 2020, heiter det i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Situasjonen skaper store utfordringar for både Ekstremsportveko og våre partnarar i kultur og idrett, reiseliv, næringsliv og offentlege etatar på Voss. Ekstremsportveko står samla med desse og sjeldan har samhaldet vore så godt som no, uttalar Kriken.