Gå til sidens hovedinnhold

Fekk det tøft mot unge brannspelarar

Artikkelen er over 7 år gammel

Voss vart statistar i serieopninga i 4. divisjon mot eit ungt Brann 3.

Brann 3, med fleire gutespelarar på laget, rundspela Voss på Nymarksbanen i kveld. Heimelaget vann heile 4-1 etter å ha leia 2-1 til pause.

- Dette var ein skikkeleg nedtur. Me visste Brann 3 var eit teknisk godt lag, men at me knapt nok skulle vinna duellar, var skuffande, seier trenar Trond Storheim.

Brann tok leiinga ved Ulrik Edvardsen etter hjørnespark etter 38. minutt. Voss kom tilbake, og Håkon Seim utlikna til 1-1 seks minutt seinare. Men heilt på tampen av omgangen, ordna Rune Mo 2-1 til heimelaget.

Tidleg i 2. omgang auka Brann til 3-1 på hjørnespark, og snart stod det 4-1. Voss kom aldri til dei store sjansane til å redusera. Brann spela fin fotball, og på det svært unge laget, var tidlegare toppspelar Carl Erik Torp ein viktig stabilisator i laget.

- Voss verka tunge. Våre gutar spela ein god kamp med mykje fin pasningsfotball, seier trenar for Brann 3 Kjetil Lone.

Kommentarer til denne saken