KLAR: Her er Kjartan Bergsvåg på veg ut av startområdet i ei tidlegare utgåve av Expedition Amundsen. Foto: privat

Går Expedition Amundsen for tredje gong

Kjartan Bergsvåg synest det er noko sosialt med å gå åleine over vidda.

– Det høyrest rart ut. Men jo, det er noko sosialt med det å gå åleine over vidda på denne måten. Og så gjev det ei kjensle av meistring, seier Bergsvåg.

Han er bonde på Fenne, kjend frå «Jakten på kjærligheten» og frå heftige turar, som då han i fjor padla i Sibir.

200 deltakarar

Torsdag kl 12.30 går starten for Åsnes Expedition Amundsen. Her er Bergsvåg mellom dei 200 som legg ut på det 100 km lange løpet med start på Haukeliseter. Her er deltakarar frå ti nasjonar, som Tyskland, Polen, England og Sveits. Utøvarane går med pulk med minimum 40 kg bagasje. Og vekta vert kontrollert både ved start og mål.

UNDERVEGS: Kvit i skjegget, men blid og nøgd. Kjartan Bergsvåg har vore med på to tidlegare utgåver av Exepdition Amundsen. Foto: privat

Årets utgåve av løpet er det 11. i rekkja. Bergsvåg er med for tredje gong.

– Eg har brukt om lag eitt døger tidlegare. Eg er ikkje i nærleiken av å vinna, dei beste er i mål nokre gode timar før meg. Men eg hevdar meg overraskande bra, meiner eg sjølv.

– Eg var ikkje spesielt god i idrett i yngre år, men slike lange løp passar bra for meg.

Fyrstemann er venta i mål på Maurset i Eidfjord ein gong utpå føremiddagen fredag. Dei siste deltakarane er venta i mål i løpet av laurdagen.

Halda motet oppe

Undervegs er det mange utfordringar. Vêr og vind spelar alltid inn.

– For dei fleste er det å få i seg nok næring som er den største utfordringa. Men dette har eg aldri hatt problem med. For meg er det å halda motet og farten opp den største utfordringa, seier Bergsvåg.