Gå til sidens hovedinnhold

Gjelland trenar Bjørndalen & Co

Artikkelen er over 7 år gammel

Vossingen Egil Gjelland (40) er ny trenar for det norske herrelandslaget i skiskyting.

Under NM i skiskyting på Voss nyleg, opplyste Egil Gjelland at han går på to nye sesongar som trenar for det norske damelandslaget. Målet var å trenar Hilde Fenne, Tiril Eckhoff og dei andre damene fram til VM-suksess i Holmenkollen i 2016. I går var det derimot klart at 40-åringen skal trenar herrelandslaget. Stian Eckhoff overtek som trenar for damelaget, der Hilde Fenne er med vidare i troppen som vart offentleggjort i går.

- Det er ein spennande utfordring som eg ikkje klarte å seia nei til. Men eg har same skepsisen no som då eg vart dametrenar tilbake i 2010, seier Egil Gjelland til VG. Stian Eckhoff tek over jobben som trenar for det norske damelandslaget.

Landslaga for komande sesong vart offenleggjort i går.

Elite damer:

Hilde Fenne - Voss IL, Tiril Kampenhaug Eckhoff - Fossum IF, Fanny Welle-Strand Horn - Oslo SSL, Marte Olsbu - Froland IL, Synnøve Solemdal - Tingvoll IL

Elite menn:

Ole Einar Bjørndalen - Simostranda IL, Tarjei Bø - Markane IL, Johannes Thingnes Bø - Markane IL, Vetle Sjåstad Christiansen - Geilo IL.Henrik L'Abée-Lund - Oslo SSL

og Emil Hegle Svendsen - Trondhjems skiskyttere

Erling Aalvik frå Kvam held fram på rekruttlaget for menn.

Kommentarer til denne saken