Gå til sidens hovedinnhold

Hardanger får nytt sykkelritt

Artikkelen er over 7 år gammel

Vert det for langt å sykla Bergen-Voss kan du i år melda deg på det nye turrittet Nordheimsund-Voss.

Sykkelrittet Norheimsund-Voss er nytt av året og vert arrangert 31. mai, same dagen som det etablerte sykkelrittet Bergen-Voss.

Distansen i det nye rittet er «berre» 78 kilometer, samanlikna med Bergen-Voss sine 160 kilometer. Her slepp du stigningane opp Gullfjellet og Kvamskogen, og Norheimsund-Voss gjev deg også flott utsikt langs Hardangerfjorden.

– Nye moglegheiter

– Me valde å ha det nye rittet frå Norheimsund for å sleppa stigningane. I tillegg er det omtrent halvveges og ein får med seg den flottaste delen. Turen er heilt fantastisk, seier Nils Olaf Solberg, dagleg leiar for Bergen-Voss.

Han håper og har tru på at Norheimsund-Voss vil verta eit fast sykkelritt, og tipper ein kan venta seg kring 300 påmelde i år. Han meiner det er ein stor marknad for det nye rittet og at det kan opna moglegheiter for fleire syklistar.

Går for suksess

– Det er mange som synest Bergen-Voss er i tøffaste laget og difor er Norheimsund-Voss ein fin måte å koma i gang på. Om ein ikkje har mykje erfaring med lange sykkeldistansar kan det vera fint å byrja med den halve. I tillegg får du den same flotte mottakinga når du kjem i mål på Voss!

Solberg fortel at det har fått mange positive tilbakemeldingar på det nye rittet – og særleg frå vossingane.

– Voss Sykleklubb og vossingane generelt har sagt at dei har mange som er interessert, så me satsar på suksess. I tillegg til vossingane vil det nok verta ein del frå Hardanger-regionen og frå Bergen, seier Bergen-Voss-leiaren.

Påmeldinga starta

Bergen Sykleklubb ynskjer at fleire sykkelglade mosjonistar skal delta, og meiner distansen er godt eigna for syklistar i Hardanger. Det skal nemleg vera tilbod om transport av både syklar og personar frå Nordheimsund til Voss før og etter rittet.

– I tillegg kan det nye sykkelrittet vera bra for teambuilding. Det kan vera vanskeleg for bedriftar å melda seg på Bergen-Voss sidan ein femner om ei brei bedriftsgruppe, og då vert det lettare å få folk med på dette, meiner Solberg.

Påmeldinga for sykkelrittet er no starta.

Kommentarer til denne saken