EKSPERTHAUGEN: Ørjan Brattetveit og Sebastian Bolstad er klare med episoden «100-åring på opprykksjakt». Foto: Vidar Herre

– Hjelp oss å kåra tidenes beste fotballspelarar på Voss

Podkasten Eksperthaugen ynskjer hjelp til å kåra beste dame og herrespelarar i Fbk Voss si hundre årige historie. Gjestar i studio er Helge Klette og Hallgeir Finbråten.

Fbk Voss fyller hundre år denne veka. No er Eksperthaug-episoden «100-åring på opprykksjakt» klar.

Korleis laget skal feira seg sjølv, fortel gjestane Hallgeir Finbråten og Helge Klette om. 75 år gamle Klette har vore med i klubben i over 50 år. Han var mellom initiativtakarane til storsuksessen Voss Cup.

– Me hadde aldri trudd at turneringa skulle blir så stor, seier 75-åringen.

I STUDIO: Helge Klette og Hallgeir Finbråten er gjestar i denne episoden av Eksperthaugen. Foto: Ørjan Brattetveit

Hallgeir Finbråten er marknadssjef i Fbk Voss, turneringsleiar for Voss Cup og han er assistenttrenar for herrelaget. Han snakkar om kampane til herre- og damelaget sist helg. Då begge laga tok tre poeng.

Finbråten fortel også om då han sjølv var landslagsaktuell og spela toppfotball med Ham/Kam og Lyn.

– På Brann stadion var det 25.000 tilskodarar. Det var så mykje leven at spelarane ikkje kunne høyra kvarandre, mimrar Finbråten om semifinalen i Bergen i 1987.

100 års fotballfest

26. september fyller klubben 100 år. Dagen før, fyrstkomande laurdag, vert det fotballfest for dei yngste. Finbråten fortel i podkasten meir om kva som skal skje.

Kven er best gjennom tidene?

– Kven er den beste spelararen på Fbk Voss gjennom tidene?, vil programleiarane Sebastian Bolstad og Ørjan Brattetveit finna ut. Og no ber Eksperthaugen om hjelp til kven som bør vera mellom kandidatane.

– Tips oss, oppmodar Bolstad.

I podkasten kan du høyra kven programleiarane og gjestane trekk fram som kandidatar. Og også Bjarte Bergstrøm vert spurd om dette under ei fotballtrening.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Til himmels med Maid
Les også
Møt Eirik Een og Magne Himle i podkasten Eksperthaugen. – Ketsjupeffekten kom for fullt.