Gå til sidens hovedinnhold

Jenter 19 vidare i NM

Artikkelen er over 7 år gammel

Fbk Voss J19 vann over Sogndal, og går no vidare til 8-delsfinalen.

Laurdag spela Fbk Voss sine jenter 19 ein spanande bortekamp. Det vart etter kvart ein særs jamn NM-kamp mot Sogndal.

Voss heldt lenge ei god leiing med 4-2, men mot slutten av 2.omgang sikra Sogndal at det vart uavgjort ved fulltid.

Håpar på heimekamp

Ved fulltid var stillinga 4-4, men damelaget tok sigeren på straffekonkurransen. Med sigeren i boks gjekk vossajentene vidare frå 16-delsfinale til 8-delsfinale.

Trenar Nils Dagfinn Dregelid meiner jentene gjorde ein god innsats, og dei håpar no på at 8-delsfinalen vert på Voss. Kven dei skal møta her er enno ikkje avgjort.

Tap for seniorlaget

Seniorlaget for kvinner i Fbk Voss spela bortekamp i Haugesund i dag. Vossaspelarane slapp tidleg inn to mål, men klarte etter kvart å trappa opp intensiteten. Kampen enda 2-0 til Haugar.

Trenar Nils Helge Kvamme meiner jentene spela ein OK bortekamp, men meiner dei må verta tøffare.

– Me må få meir intensitet i spelet frå start av og me må bygga opp til meir eige spel. Me var for lite tøffe i starten, men etter kvart gjorde dei god innsats, seier Kvamme.

Kommentarer til denne saken