Gå til sidens hovedinnhold

Klar for "Mesternes mester"

Artikkelen er over 7 år gammel

Lars Bystøl (35) dreg snart til Sicilia for å vera med på sjette sesong av "Mesternes mester" på NRK.

- Dette vert ei artig oppleving, kommenterer Lars Bystøl til NRK. Høgdepunkta i karrieren til skihopparen frå Myrkdalen kom under OL i Torino i 2006. Då vann han gull i normalbakken og to bronse både i storbakken og i lagkonkurransen. Bystøl la opp i 2010, men han melder at han er i god form til å delta i tv-innspelinga i Italia.

- Eg er i god form. Eg er mykje i fysisk aktivitet som snekker, og eg går mykje på fjelltur, fortel Bystøl. Om programmet han skal vera med i seier myrkdølen:

- Eg har sett programmet i ny og ne, men aldri ein heil sesong.

Dei andre som skal vera med i sjette utgåve av "Mesternes mester" er Tora Berger (33 år, skiskyting), Marit Mikkelsplass (49 år, langrenn), Per Gunnar Mikkelsplass (53, langrenn), Kari Schibevaag (35, kiting), Mette Solli (39, kickboksing), Monica Valen (40, sykling), Frode Andresen (40, skiskyting), Alexander Hetland (31, symjing), Jan Ivar "Mini" Jakobsen (48, fotball) og Harald Brattbakk (43, fotball).

Programleiar vert også denne gong Dag Erik Pedersen.

Kommentarer til denne saken