EKSPERTHAUGEN: Olav Skjeldal er gjest i denne episoden av podkasten Eksperthaugen. Foto: Ørjan Brattetveit

Kong Olav av Fbk Voss: – Eg kjenner eg vert nervøs når me snakkar om dette, seier han i podkasten Eksperthaugen

Ingen har fleire kampar, ingen har skåra fleire mål enn Olav Skjeldal på Fbk Voss sitt A-lag. Han er gjest i podkasten Eksperthaugen. Og han vert framleis nervøs når han snakkar om straffesparket han tok i sin kamp nummer 400.

Med Fbk Voss sitt frekkaste straffespark var Olav Skjeldal (39) med på å avgjera kampen mot Arna-Bjørnar – hans kamp nummer 400 for A-laget. I denne episoden fortel han alt om straffesparket og det meste om karrieren sin.

Les også
Kong Olav av Fbk Voss med frekk straffe i sin 400. kamp

Han debuterte for Fbk Voss i 1999. 39-åringen vurderer å ta nok ein sesong på A-laget. – Me då må eg verta betre trena enn i år, seier han.

Herlege opprykk og vonde nedrykk

Skjeldal har flest kampar og flest mål på A-laget, er han også den beste spelaren i klubben si historie? Høyr kven han sjølv meiner er best i klubbhistoria, kven som har vore han beste motspelarar og beste trenar. Han fortel om spennande play-off-kampar, om herlege opprykk og vonde nedrykk.

Les også
Norun (15) spelar på lag med mamma Laila (37). Pappa Olav (39) herjar på herrelaget

Helt på tampen fortel Skjeldal kva som skjer på eit 1. sidebilete i Hordaland tidlegare i år. Medan dei andre vossingane jublar for skåring, ser det ut som om Skjeldal slåst med Djerv-spelar Thomas Ulvestad Vacas.

EKSPERTHAUGEN: Ørjan Brattetveit og Sebastian Bolstad står bak podkasten Eksperthaugen. Foto: Vidar Herre

Her finn du fleire episodar av Eksperthaugen:

Les også
Ronny Skjelde i podkasten Eksperthaugen: – Derfor slo eg ikkje gjennom i Brann