Gå til sidens hovedinnhold

Kunnskapstraileren på Voss

Artikkelen er over 7 år gammel

Med Sjur Røthe i spissen er nokre av landslagsløparane i langrenn på Voss med den store kunnskapstraileren.

- Det er skikkeleg kjekt å reisa rundt på denne måten. Me treff mange ivrige ungdomar, seier Sjur Røthe.

Saman med landslagskollegaene Pål Golberg, Heidi Weng og trenar John-Anders Gaustad var Røthe med utøvarar frå Vossalangrenn onsdag. Fyrst vart det treningsøkt i Prestegardsmoen. Her var 55 ungdomar mellom 11 og 16 år med på økta.

I tillegg er to av smørjarane med og ein kosthaldsekspert.

Etter økta måtte Heidi nå eit fly, medan Sjur, Pål og John-Anders var igjen til føredrag. Føredraget starta med ein del om kosthald før Sjur og Pål fortalde om korleis dei trente i yngre år og dei svara på spørsmål frå salen. Godt over 60 stk var til stades.

Medan ungdomane var på trening fekk foreldre og eldre utøvarar smørjekurs i kunnskapstraileren.

I dag leia Sjur Røthe og Pål Golberg treningsøkter med elevar frå Vangen skule. Reportasje frå dette kjem i laudagsavisa.

Kommentarer til denne saken